Skriftleg spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1782 (2023-2024)
Innlevert: 16.04.2024
Sendt: 17.04.2024
Svart på: 23.04.2024 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kva rolle ser statsråden for seg at Samarbeidsutvalet for forliksråd og namsmenn skal spele framover og vil staten bidra?

Grunngiving

Samarbeidsutvalget for forliksråd og namsmenn (SFN) har i over 40 år spelt i viktig rolle for å auke kompetanse og vera møteplass for kommunane sine forliksråd. Det har sjølvsagt skapt uro i SFN at opplæring av nye forliksråd fra 2025 er av departementet overført til Statens sivilrettsforvaltning. Men likevel vil SFN kunne spele ei viktig rolle for forliksråda framover og det er ikkje unaturleg at staten bidrar for å halde aktiviteten i gang vidare.

Emilie Mehl (Sp)

Svar

Emilie Mehl: Stortinget har bedt regjeringa om å greie ut forliksrådsordninga med sikte på å styrke og forbetre ho. Justis- og beredskapsdepartementet er godt i gang med oppfølginga av Stortingets oppmodingsvedtak. Som ein del av dette arbeidet meiner departementet det er behov for å sjå nærmare på innretninga på opplæringa av forliksrådsmedlemmene. I supplerande tildelingsbrev nr. 7 for 2023 har Statens sivilrettsforvaltning (SRF) fått i oppdrag å opprette eit nytt system for opplæringa av forliksrådsmedlemmer frå og med 2024. Som ledd i opprettinga av det nye systemet for opplæring, kan SRF vurdere om opplæringa skal skje gjennom ein tilskotsordning, i regi av SRF sjølv, ved kjøp av tenester eller ein kombinasjon av desse.
Eg viser elles til mitt svar på spørsmål nr. 1175. Her går det fram at eg er kjend med at mange forliksrådsmedlemmer har hatt nytte av den kursverksemda som Samarbeidsutvalet for forliksråd og namsmenn har gjennomført i mange år, i tillegg til at det har vore kontakt mellom Statens sivilrettsforvaltning og Samarbeidsutvalet for forliksråd og namsmenn. Kva rolle Samarbeidsutvalet eventuelt skal få når det gjeld framtidige kurs og opplæring er enno ikkje avklart. Eg meiner det viktigaste er å sikre at alle medlemmer i forliksrådene får best mogleg opplæring og kurstilbod, uavhengig av kven som tilbyr dette. Eg har derfor latt vurderinga om kven som bør tilby opplæring og kurs være ein del av oppdraget til SRF.