Skriftleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:1856 (2023-2024)
Innlevert: 24.04.2024
Sendt: 24.04.2024
Svart på: 03.05.2024 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kor mange fleire månadar vil regjeringa bruke på å utpeike ein person til å representere Noreg i arbeidsgruppa for CBAM, og vil ein i rekrutteringsprosessen legge særleg vekt på skriftlege dugleikar, i og med at vedkomande – på grunn av regjeringa si somling – ikkje lenger vil få moglegheit til å snakke?

Grunngiving

EU sin Carbon Border Adjustment Mechanism (CBAM) er meint å styrke europeisk kraftkrevjande industri si konkurranseevne opp mot land som ikkje tar klimapliktene sine på alvor. Når produkt som blir importert frå land utan tilstrekkeleg karbonprising, vil eit påslag på prisen bidra til å jamne ut konkurranseforholda slik at det å føre ein ambisiøs klimapolitikk ikkje blir ein konkurranseulempe.

Regjeringa har inntatt ein ståstad der Noreg ikkje meiner CBAM er EØS-relevant, trass i at EU er av motsatt oppfatning. Men regjeringa vil vurdere å delta på frivillig basis likevel. Kor lenge denne vurderingsprosessen vil pågå er eit ope spørsmål. I mellomtida rullar toget vidare.

Sidan dette er eit komplisert nybrottsarbeid, og det vil bli behov for å gjere justeringar i ordninga etter den pågåande prøveperioden og før den blir innført for fullt i 2026, er det sett ned ei arbeidsgruppe som skal bistå Kommisjonen. EU har satt som krav at berre EØS-land som sluttar seg til ordninga kan delta fullt ut i arbeidsgruppa. Det har Noreg enno ikkje gjort, og det betyr at den norske representanten berre får observatørstatus (utan talerett) i arbeidsgruppa, slik regjeringa vart informert om i eit brev av 25. mars.

Ein månad seinare har Noreg framleis ikkje peika ut kva statleg organ som skal ha observatørjobben.

Noreg har store interesser innan kraftkrevjande industri, og den endelege utforminga av CBAM vil få store konsekvensar for vårt næringsliv. Regjeringa si somling har allereie kosta oss moglegheita til å delta fullt ut i utforminga av reglane, og for kvar einaste dag dette blir utsatt minskar handlingsrommet vårt til å påverke den politiske prosessen.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Svar

Trygve Slagsvold Vedum: Den norske delegasjonen i Brussel vart spurt om å delta som observatør i ekspertgruppa rett før påske, med informasjon om at neste møte i gruppa ville vere 23. april. Noreg har takka ja til å delta som observatør i gruppa. Noreg vil møte gjennom representantar ved den faste norske delegasjonen til EU i Brussel.

Arbeidet med CBAM følgjer dei ordinære prosessane for vurdering av om EU-regelverk skal innlemmast. Det inneber mellom anna at ein som eit første steg diskuterer regelverket mellom EFTA/EØS-landa. Sidan oktober har det vore god dialog med Island og Liechtenstein om saka, og vi har no, i fellesskap, starta diskusjonane med EU.

For å kunne delta som fullverdig medlem i EUs ekspertgruppe må Noreg ha innlemma CBAM-forordninga i norsk rett. Ei ev. innlemming føreset at EØS-Efta-landa og EU har vorte samde om ei EØS-komitéavgjerd med alle tilpassingar som er nødvendige for at regelverket skal fungere i eit Efta-land. Det må i tillegg utarbeidast nasjonale lover og reglar, og saka må fremjast og behandlast i Stortinget. CBAM er eit særleg komplekst regelverk, og arbeidet er tidkrevjande.

Regjeringa har ikkje teke endeleg stilling til om CBAM skal innførast i Noreg. CBAM reiser fleire prinsipielle klima- og handelspolitiske spørsmål som må vurderast grundig. Regjeringa si vurdering av innføring i Noreg vil også vere avhengig av kva løysingar vi kan finne saman med partnarane våre i EØS-samarbeidet.