Skriftleg spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:2014 (2023-2024)
Innlevert: 08.05.2024
Sendt: 08.05.2024
Til behandling

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Vil justisministeren sørga for at legen som heltemodig redda barneliv i bombardementet av Gaza kan koma til Stortinget, eller meiner justisministeren at Tysklands knebling av ytringsfridomen om krigen mot Gaza også skal påverka Noreg?

Grunngiving

SV vil invitera den britiske legen Ghassan Abu-Sitta til Stortinget for å gje oss førstehands informasjon om skadde i Gaza i starten av Israels krigføring. Abu-Sitta vart denne veka deportert frå Frankrike der han skulle tala for senatet, fordi Tyskland har innført innreiseforbod for heile Schengen-området.

Svar

Svaret er enno ikkje tilgjengeleg