Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2057 (2023-2024)
Innlevert: 16.05.2024
Sendt: 16.05.2024
Svart på: 24.05.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan eg be kommunalministeren leggje fram ei detaljert oversikt/tabell for alle kommunane i Møre og Romsdal samt for Møre og Romsdal fylkeskommune, som syner reell økonomisk utvikling/auke/reduksjon frå 2024 til nytt grunnlag for 2025 jamf ny kommuneproposisjon, gjeldande frie inntekter til kommunane berekna og framvist på reelle økonomiske samanliknbare grunnlag, vist i totale løyvingar/budsjett i kr og endring i %?

Grunngiving

Kommuneproposisjonen med nytt inntektssystem for kommunane er lagt fram, og i den samanheng "flagrar" det rundt med påstandar om økonomisk effekt og endringar for dei enkelte kommunane framlagd av representantar frå regjeringa.

Det er dei reelle endringane frå det økonomiske grunnlaget for 2024 og til reelle økonomiske grunnlag for 2025 som er viktig å kunne få synleggjort.

Det blir hevda av representantar frå regjeringspartia, at det er slik eller slik auka overføringar frå regjeringa kontra inntekstgrunnlaget til kommunane for 2024, utan at eit korrekt og målbart likt berekningsgrunnlag er synleggjort.

Derfor er det nødvendig at kommunalministeren legger fram konkrete tallgrunnlag for frie inntekter til kommunane som faktisk viser reelle sammenlikningsgrunnlag mellom det økonomiske grunnlaget for kvar kommune, oppstilt og presentert forståeleg for 2024 kontra nytt berekna inntekstgrunnlag for 2025.

Her må det synleggjerast konkrete samla total løyving for frie inntekter for den enkelte kommune for budsjett 2024, og synleggjort med samanliknbare tallgrunnlag med berekna løyving/ramme for 2025.

Kun slik kan nokon som helst hevde at den eine eller den andre kommunen har fått slik eller slik auke i overføringa frå staten får budsjettåret 2024 til det som er planlagt for 2025.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande:

Svaret med tabell i pdf-format