Spørjetimespørsmål m.m.

Liste over munnlege spørsmål og spørjetimespørsmål frå representantane til statsrådane, spørsmål til presidentskapet og spørsmål ved slutten av møtet.

Avgrens utvalet

Finn spørjetimespørsmål etter

Galtung, Bjørg Hope (1 - 19 av 19)

  • Spørjetimespørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til justisministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 28.05.1996

    Svart på: 05.06.1996 av justisminister Grete Faremo

    "Estlandske myndigheiter, ved innanriksminister Rask, har etter eit møte med ein norsk delegasjon 29. april 1996 sendt førespurnad til justis- ministeren om hjelp til mellom anna utstyr til desarmering av bomber og trening av bombehundar. Kva kan justisministeren gjera for å imøtekoma denne førespurnaden?"
  • Spørjetimespørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til kommunal- og arbeidsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 28.05.1996

    Svart på: 05.06.1996 av kommunal- og arbeidsminister Gunnar Berge

    "I den seinare tid har det med rette vorte fokusert på dårleg utført fagarbeid ved elektriske produkt og innretningar (Jf. Forbrukerrapporten nr. 2/96). Kva vil kommunal- og arbeidsministeren gjera for å sikra kvalitets- messig og sikkerheitsmessig godt arbeid i elektrobransjen?"
  • Spørjetimespørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til forsvarsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 17.04.1996

    Svart på: 24.04.1996 av forsvarsminister Jørgen Kosmo

    "Sjukefråværet i Forsvaret har frå 3. kvartal 1994 til 3. kvartal 1995 auka med 33,4%. Kva meiner forsvarsministeren er årsak til denne store auken i sjukefråværet?"
  • Spørjetimespørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til fiskeriministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 17.04.1996

    Svart på på vegner av: Fiskeriministeren

    Svart på: 24.04.1996 av justisminister Grete Faremo

    "24. juni 1994 avgav ei arbeidsgruppe, leia av underdirektør Magnhild Bjørseth i Fiskeridepartementet, ein rapport om "Utredning om søk etter omkomne på havet". Korleis er denne rapporten fylgt opp i ettertid?"
  • Spørjetimespørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til forsvarsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 28.03.1996

    Fell vekk fordi spørjaren har forfall/ikkje er til stades

    "Sjukefråværet i Forsvaret har frå 3. kvartal 1994 til 3. kvartal 1995 auka med 33,4 prosent. Kva meiner forsvarsministeren er årsak til denne store auken i sjukefråværet?"
  • Spørjetimespørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til fiskeriministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 22.03.1996

    Fell vekk fordi spørjaren har forfall/ikkje er til stades

    "24. juni 1994 avga ei arbeidsgruppe, leia av underdirektør Magnhild Bjørseth i Fiskeridepartementet, ein rapport om "Utredning om søk etter omkomne på havet". Korleis er denne rapporten fylgt opp i ettertid?"
  • Spørjetimespørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til forsvarsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 02.02.1996

    Svart på: 21.02.1996 av forsvarsminister Jørgen Kosmo

    "Etter det ein kjenner til ligg det om lag 500 utrangerte fartøy frå den russiske Nordflåten i ymse hamner på Kolahalvøya. Det er grunn til å tru at ein stor del av desse vil passera langs kysten av Noreg på veg til opphogging andre stader i Europa eller Asia. Risiko for havari er relativt stor, spesielt i vinterhalvåret. Kva for konsekvensar vil denne trafikken få for Kystvakta og for det nyetablerte Ståande Indre Kystvaktoppsyn både økonomisk og arbeidsmessig?"
  • Spørjetimespørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til forsvarsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 16.12.1995

    Spørsmålet er trekt tilbake

    "Gjennom media er vi blitt kjent med at to vietnamesere ikkje har fått plass på befalskurset på KNM Harald Hårfagre på grunn av manglende sikker- hetsklarering. Begge har budd i Noreg i over 12 år. Kva vil statsråden gjera for å forenkla systemet med sikkerhets- klarering?"
  • Spørjetimespørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til forsvarsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 24.03.1995

    Svart på: 05.04.1995 av forsvarsminister Jørgen Kosmo

    "Stortinget gjorde i 1994 i samband med Innst. S. nr. 141 for 1993-94 vedtak om at Lista flystasjon skal nedleggjast 1. juli 1996. Kva er då årsaka til at det i praksis er innført generelt forbod mot landing for militær flytrafikk (jf. oppslag i Farsund Avis 22. mars 1995)?"
  • Spørjetimespørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 07.02.1995

    Svart på: 08.03.1995 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Gudmund Hernes

    "I dagens lærebøker i samfunnskunnskap for den vidaregåande skulen er det lite informasjon og opplysningar om det norske forsvaret. Dette er eit stort sakn for både elevar og lærarar. Kva vil statsråden gjera for å imøtekoma ynskjet om informasjon om Forsvaret i lærebøker?"
  • Spørjetimespørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til forsvarsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 03.02.1995

    Svart på: 15.02.1995 av forsvarsminister Jørgen Kosmo

    "Er det rett slik det framgår i ein artikkel i VG 1. februar 1995 at Forsvaret har "lagra" store mengder PCB på Jan Mayen, og kva vil i så fall Forsvaret gjera for å rydda opp i desse tilhøva?"
  • Spørjetimespørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til justisministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 26.01.1995

    Rette vedkommende: Kulturministeren

    Svart på: 01.02.1995 av kulturminister Åse Kleveland

    "I Bergens Tidende 21. januar 1995 vart lesarane informerte om eit nytt dataspel som vart introdusert på ei rekkje norske databaser dagen før. Berra, som spelet heiter, er sannsynlegvis det mest perverse spel som har sirkulert på norske databaser nokon gong. Målet med spelet er heilt enkelt at brukaren skal drepa med dei verst tenkjelege metodar. Kva kan justisministeren gjera for å regulera drift og bruk av databaser?"
  • Spørjetimespørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til forsvarsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 11.01.1995

    Svart på: 18.01.1995 av forsvarsminister Jørgen Kosmo

    "Gjennom media er vi blitt kjent med at to vietnamesere ikkje har fått plass på befalskurset på KNM Harald Hårfagre på grunn av manglende sikkerhetsklarering. Begge har budd i Noreg i over 12 år. Kva vil statsråden gjera for å forenkla systemet med sikkerhets- klarering?"
  • Spørjetimespørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til forsvarsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 20.05.1994

    Svart på: 01.06.1994 av forsvarsminister Jørgen Kosmo

    "Gjennom media (Bergens Tidende 5. mai 1994) er ein gjort kjend med brot på brannforskriftene ved Haakonsvern. Kva kan forsvarsministeren gjera for å retta på dette?"
  • Spørjetimespørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 11.05.1994

    Svart på: 25.05.1994 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Gudmund Hernes

    "Trebåtbygging er eit av fleire verneverdige fag i det vidaregåande skuleverket i dag. Det er sterkt ynskjeleg at dette faget får særløp når det gjeld Reform 94. Kan statsråden medverka til at dette kan skje?"
  • Spørjetimespørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til forsvarsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 06.05.1994

    Svart på: 11.05.1994 av forsvarsminister Jørgen Kosmo

    "Ved siste lønnsoppgjer var det semje om at staten i løpet av 1993 skulle auka antal lærlingeplassar i statsetatane med 500. Dette er ikkje innfridd. Kva kan Forsvarsdepartementet gjera for å auka antal lærlingeplassar i Forsvaret?"
  • Spørjetimespørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 06.05.1994

    Rette vedkommende: Kulturministeren

    Svart på: 11.05.1994 av kulturminister Åse Kleveland

    "Avisa "Klar Tale" kjem i dag berre ut på bokmål. Vil statsråden medverka til at den snarast mogleg også vert utgjeve på nynorsk?"
  • Spørjetimespørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til samferdselsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 14.01.1994

    Svart på: 19.01.1994 av samferdselsminister Kjell Opseth

    "Stortinget har gjort vedtak om ikkje å leggja ned postkontor før det er gjennomført ny vurdering av posttenesta i landet. Likevel opplever vi at det foreligg konkrete planar om nedlegging av postkontor frå medio januar, mellom anna Hjelmås postkontor i Lindås, i Hordaland. Er dette i tråd med det nemde stortingsvedtak?"
  • Spørjetimespørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til nærings- og energiministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 28.10.1993

    Svart på: 03.11.1993 av nærings- og energiminister Jens Stoltenberg

    "Frå ulike hald er det kome sterk kritikk av Norges vassdrags- og energi- verk si konsesjonshandsaming av større overføringsliner for elektrisk kraft. Dette gjeld særleg handsaminga av dei store overføringslinene fram til Kollsnes i Øygarden og ny kraftline over delar av Askøy. Kan nærings- og energiministeren medverka til at framtidige konsesjons- søknader om framføring av kraftliner kan handsamast etter plan- og bygnings- lova?"