Spørjetimespørsmål m.m.

Liste over munnlege spørsmål og spørjetimespørsmål frå representantane til statsrådane, spørsmål til presidentskapet og spørsmål ved slutten av møtet.

Avgrens utvalet

Finn spørjetimespørsmål etter

Kaland, Laila (41 - 60 av 81)

  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til fiskeriministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 04.05.1992

    Svart på: 13.05.1992 av fiskeriminister Oddrunn Pettersen

    "I Sunnmørsposten 4. mai 1992 kan vi sjå frå eit foredrag av forskar Karl Inne Ugland i Ålesund, at berre på eit år vil sel og kval beskatte fisken med 4 mill. tonn. Dette utgjer 15 mrd. kroner på årsbasis. Kva tiltak vil fiskeriministeren setje i verk for å få større inter- nasjonal forståing for å få starte sel- og kvalfangst igjen, då i kontrollerte former og med ein kvote som sikrar at bestandane ikkje vert overbeskatta?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til fiskeriministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 29.04.1992

    Svart på: 13.05.1992 av fiskeriminister Oddrunn Pettersen

    "I Fiskeribladet den 9. april 1992 hevdar fiskeriattache Bjørn Eirik Olsen i ein rapport frå Tokyo, at 1992 kan bli ein blåmandag for norsk makrell i Japan. Japanske importørar og produsentar hevdar at det er dårleg kvalitet på makrellen, den er for liten og importen er for stor. Tilliten til norsk makrell på det japanske markedet er i ferd med å bli svekka. Kor alvorleg ser fiskeriministeren på dette, og kva kan ein gjera i denne situasjonen?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til barne- og familieministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 09.04.1992

    Svart på: 29.04.1992 av barne- og familieminister Grete Berget

    "Talet på born som vert seksuelt misbrukte er sterkt aukande. Kva for konkrete tiltak meinar statsråden ein må setje i verk for å forhindre at born vert utsette for slike uverdige livsforhold?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til utenriksministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 17.03.1992

    Svart på: 25.03.1992 av utenriksminister Thorvald Stoltenberg

    "Den uredde burmesiske kvinna, Aung San Soo Kyi, fekk Nobels fredspris i 1991. Militærregimet i Burma har gjeve henne valet mellom å forlate fedre- landet sitt eller å sitje i husarrest. Kva gjer Noreg for å støtte dei demokratiske kreftene i Burma?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til fiskeriministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 28.01.1992

    Svart på: 05.02.1992 av fiskeriminister Oddrunn Pettersen

    "12. november 1991 inngjekk staten og bankar ei avtale om avvikling av frossenlageret av laks. Stortinget løyvde 400 mill. kroner til dette formålet. For oppdrettarane hastar det no å få tilgang til sine midlar. Kan statsråden stadfeste at salet av frossenlageret av laks no vil skje, slik at oppdrettarane kan få utbetalt pengane sine?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til handelsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 13.01.1992

    Svart på: 22.01.1992 av handelsminister Bjørn Tore Godal

    "Forrige helg forliste den Panama-registrerte bulkbåten Arisan utenfor Runde på Møre-kysten. Dette er det fjerde forliset på kort tid langs vår kyststripe. Det hevdes at dette og andre skip er å anse som seilende skrap- hauger, som ikke oppfyller kravene til sjødyktighet. Dette forliset truer nå fuglelivet på Runde. Hvilke konkrete tiltak vil Regjeringen sette inn for å trygge skips- farten langs kysten?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til justisministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 07.01.1992

    Svart på: 15.01.1992 av justisminister Kari Gjesteby

    "Orkanen på Nordvestlandet er den verste naturkatastrofen i manns minne. Den har medført store materielle skader, men også psykiske problem for dei som er blitt ramma. Både i kommunane og i fylka må førstelinje- tenesta og beredskapsplanane bli betre. På kva måte vil statsråden medverke til at dette kan skje?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til justisministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 07.01.1992

    Svart på: 15.01.1992 av justisminister Kari Gjesteby

    "Ålesund radio er nedlagt og redningshelikopteret på Vigra er flytta til Sola. Dette medfører at beredskapen på heile Nordvestlandet er blitt svekka. Vil statsråden vurdere desse to tilhøva på nytt, slik at tryggleiken til sjøs kan bli betre?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til utenriksministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 02.12.1991

    Svart på: 11.12.1991 av utenriksminister Thorvald Stoltenberg

    "Over 400 gateborn i Brasil blei myrda dei tre første månadene av 1991. Nye rapportar viser at born som blir torturerte og drepne av dødsskvadronar, er sterkt aukande. Kva vil utanriksministeren gjere på det internasjonale plan for å få slutt på desse kriminelle handlingane?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til barne- og familieministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 21.02.1991

    Svart på: 06.03.1991 av barne- og familieminister Matz Sandman

    "Frå enkelte hald vert det hevda at kvinner har grunn til å føle uro ved ei EØS-avtale, dette i høve til kvinnelege arbeidsplassar, politisk deltaking, sosiale reformar og miljøspørsmål. Korleis vurderar likestillingsstatsråden denne problemstillinga?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til fiskeriministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 18.02.1991

    Svart på: 06.03.1991 av fiskeriminister Oddrunn Pettersen

    "Fiskeriministeren har fleire gonger peika på at fiskeressursane, som Noreg rår over, er ein nasjonal ressurs, og at vi kun er tent med ei næring som vert drive lønsamt. Korleis vil dette samsvare med å behalde busettingsmønsteret langs kysten?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til fiskeriministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 14.02.1991

    Svart på: 20.02.1991 av fiskeriminister Oddrunn Pettersen

    "I Sunnmørsposten den 13. februar 1991 står det at berre 300 av dei 430 påmeldte båtane i loddefisket kjem til å delta i fisket. Kva planar har fiskeriministeren til å omfordele det kvantum som står att, slik at det vedtekje kvantum lodde blir fiska opp?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til arbeids- og administrasjonsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 13.02.1991

    Svart på: 20.02.1991 av arbeids- og administrasjonsminister Tove Strand

    "I 1989 hadde vi heile 40 000 årsverk som ei følgje av overtidsarbeid. Ved ei halvering av overtid både i den private og den offentlege sektoren, vil vi kunne få 20 000 nye arbeidsplassar. Kva initiativ vil arbeids- og administrasjonsministeren gjere for å få til ei meir solidarisk fordeling av arbeidsplassar?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til sosialministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 16.01.1991

    Svart på: 06.02.1991 av sosialminister Tove Liv Besstun Veierød

    "Ved omlegginga av reforma for mennesker med psykisk utviklingshemming, er det naudsynt for dei tilsette i helse- og sosialsektoren at dei har eit godt kunnskapsmessig grunnlag for dei tenestene som skal ytast. Kva vil sosialministeren gjere for å sikre at dette vil skje?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til kommunalministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 09.01.1991

    Svart på: 16.01.1991 av kommunalminister Kjell Borgen

    "Stadig fleire kommunalpolitikarar seier no nei til å vere med i lokalpolitikken. Særleg ser det ut som om jenter med store omsorgsoppgåver trekker seg. Kva konkrete tiltak vil kommunalministeren gjennomføre for å betre arbeidsforhalda for våre folkevalgde?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til fiskeriministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 19.12.1990

    Svart på: 09.01.1991 av fiskeriminister Oddrunn Pettersen

    "Stortinget har løyva 12,1 mill. kroner til kvinneretta tiltak langs kysten. På kva måte har statsråden tenkt at desse løyvingane skal bli brukt?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til miljøvernministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 10.10.1990

    Svart på: 17.10.1990 av miljøvernminister Kristin Hille Valla

    "Fergetransporten er den mest forureinande transport vi har på havet, med stort utslepp av nitrogen og svovel. Kva vil statsråden gjere for at fergetransporten kan bli meir miljø- vennleg?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til miljøvernministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 03.10.1990

    Svart på: 10.10.1990 av miljøvernminister Kristin Hille Valla

    "Oljeutslepp ifrå industri og båtar utanfor kysten, er eit aukande problem, som gjer store skader på miljøet og dyrelivet. Kva konkrete tiltak vil miljøvernministeren sette i verk for å hindre at dette skjer?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til sosialministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 03.10.1990

    Svart på: 10.10.1990 av sosialminister Wenche Frogn Sellæg

    "Undersøkingar viser at 25% av eldre folk brukar medisinen sin feil, og dette har ofte alvorlege konsekvensar for brukaren. Vil statsråden medverke til at eldre får betre hjelp og rådgjevning om riktig bruk av medisinforbruket?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til arbeids- og administrasjonsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 20.03.1990

    Svart på: 28.03.1990 av arbeids- og administrasjonsminister Kristin Clemet

    "Talet på unge utan arbeid i alder 16 - 24 år er sterkt aukande og serleg hardt rammer dette unge jenter i distrikta og innvandrerungdom. Kva konkrete tiltak vil statsråden setje i gong for å kunne få desse unge ut i produktivt arbeid?"