Spørjetimespørsmål m.m.

Liste over munnlege spørsmål og spørjetimespørsmål frå representantane til statsrådane, spørsmål til presidentskapet og spørsmål ved slutten av møtet.

Avgrens utvalet

Finn spørjetimespørsmål etter

Kaland, Laila (61 - 80 av 81)

  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til samferdselsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 20.03.1990

    Svart på: 28.03.1990 av samferdselsminister Lars Gunnar Lie

    "Hovudferdselsåra inn og ut av Møre og Romsdal, E69, har vore stengt på grunn av ras sidan desember 1989. Den kan ikkje opnast igjen. Møre og Romsdal treng 30 mill. kroner i ekstraløyving for å rassikre E69. Vil statsråden gå inn for ekstraløyvingar på budsjettet for 1991, slik at den stengte E69 kan opnast snarast råd?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til sosialministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 14.02.1990

    Svart på: 21.02.1990 av sosialminister Wenche Frogn Sellæg

    "Statsråden vil no at alle tomme sjukeheimsplassar skal takast i bruk. Vil no statsråden også få fortgang i arbeidet som vil gjere det mogleg for kommunane å opprette skjerma einingar for urolege senil demente pasientar?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til sosialministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 13.02.1990

    Svart på: 21.02.1990 av sosialminister Wenche Frogn Sellæg

    "Ved mange alders- og sjukeheimar er helsepersonellbemanninga alt for låg. Dette gir som resultat at dei eldre/sjuke ofte får ei mangelfull pleie- teneste. Kan statsråden medverke til at personalfaktoren ved desse institu- sjonane vert heva?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til fiskeriministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 24.01.1990

    Svart på: 31.01.1990 av fiskeriminister Svein Magnus Munkejord

    "I pressa blir det hevda at kysttorskebestanden er svært stor. Vil statsråden ta initiativ til å setje i gong forsking med sikte på å få til betre kartlegging av kysttorskebestanden?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til fiskeriministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 23.01.1990

    Svart på: 31.01.1990 av fiskeriminister Svein Magnus Munkejord

    "Bakterien furunkulose fører til alvorlege sjukdomar på både oppdretts- laks og vill laks. Bakterien furunkulose fører også til store miljøproblem. Universitetet i Tromsø driv forsking på denne bakterien, men manglar penger for å få fram vaksinen. Vil statsråden vere pådrivar i kampen mot furunkulose, slik at forskingsmiljøet i Tromsø kan få auka midlar til dette viktige arbeidet?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til fiskeriministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 17.01.1990

    Svart på: 24.01.1990 av fiskeriminister Svein Magnus Munkejord

    "Det blir hevda frå fleire hold at den norske fiskeflåten må ned- byggjast. Fiskeriministeren har sjølv sagt at fiskeflåten må reduserast med ca 30 prosent. Kva initiativ vil fiskeriministeren gjere overfor andre land, som vil kunne gje ein tilsvarande reduksjon på deira fiskeflåte?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til sosialministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 17.01.1990

    Svart på: 24.01.1990 av sosialminister Wenche Frogn Sellæg

    "Tilsynsutvalet i Molde har lagt ned sine verv i protest mot den eldreomsorga som blir ført i kommunen. Tilbodet for dei eldre i kommunane er blitt dårlegare etter at løyvingane frå staten er blitt reduserte. At no dei eldre misser timar til heimehjelp, at rehabilitering blir dårlegare, at alders- og sjukeheimar blir stengde, rammar dei eldre hardt. Er dette i tråd med Regjeringa sin politikk?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til justisministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 23.11.1989

    Svart på: 29.11.1989 av justisminister Else Bugge Fougner

    "Når kan vi vente at Regjeringa fremjar eit lovforslag som gir for- brukarane eit effektivt rettsvern ved kjøp av fast eigedom?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til samferdselsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 22.11.1989

    Svart på: 29.11.1989 av samferdselsminister Lars Gunnar Lie

    "Riksveg E-69 til Åndalsnes er igjen blitt ramma av ras med tragisk utfall. Kva konkrete tiltak vil statsråden sette i verk for å sikre denne veg- strekninga?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til miljøvernministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 16.11.1989

    Svart på: 22.11.1989 av miljøvernminister Kristin Hille Valla

    "I Møre og Romsdal har vi no 21 elvar som er sterkt infiserte av sjukdommen furunkulose og laksen døyr i store mengder. Det er ei nasjonal katastrofe som no skjer. Kva konkrete tiltak vil miljøvernministeren setje i verk for å redde laksen?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til sosialministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 01.11.1989

    Svart på: 08.11.1989 av sosialminister Wenche Frogn Sellæg

    "Belastningssjukdomar utgjer 35% av alt sjukefråver, og er Noregs største helseproblem. Særleg hardt rammar dette kvinner i omsorgsyrka. Kva slags tiltak vil den nye statsråden setje i verk for å redusere dette alvorlege problemet?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til sosialministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 01.11.1989

    Svart på: 01.11.1989 av sosialminister Wenche Frogn Sellæg

    "For å tilbakeføre klientar i HVPU-institusjonar til kommunane er det satt av 350 000 kroner pr. bebuar i 1985-kroner. Korleis vil statsråden vurdere ressursbehovet for klientar som er multihandikappa eller har psykiatriske lidingar?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til justisministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 31.05.1989

    Svart på: 31.05.1989 av justisminister Helen Marie Bøsterud

    "Vil statsråden - i arbeidet med å bringe lov- og regelverk i ei mest mogleg moderne og forståelig språkdrakt - ta initiativ til å få endra "billighetserstatning" til eit norsk ord som til dømes "velferdsvederlag?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til kirke- og undervisningsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 15.03.1989

    Svart på: 15.03.1989 av kirke- og undervisningsminister Mary Kvidal

    "Frå fiskeoppdrettare har det kome fram ønskje om utdanning i administrasjon og rekneskap i form av korte og intensive kurs. Kan statsråden medverke til at slike kurs kan kome i gong til dømes etter lov om vaksenopplæring eller ved hjelp av fjernundervisning?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til sosialministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 15.03.1989

    Svart på: 15.03.1989 av sosialminister Tove Strand

    "Sosialministeren påpekte både i 1987 og 1988 det manglende forebyggende arbeid og skolering av helsepersonell når det gjelder spiseforstyrrelser. Interessegruppa for Kvinner med Spiseforstyrrelser har søkt Sosialdepartementet om økonomiske midler til opprettholdelse av et senter i Oslo, ledet av IKS. Hvorledes stiller Sosialdepartementet seg når det gjelder å støtte dette senteret?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til kirke- og undervisningsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 01.02.1989

    Svart på: 01.02.1989 av kirke- og undervisningsminister Mary Kvidal

    "Kva kan statsråden gjere for å få fortgang i arbeidet med å gjera studieretning for husflids- og estetiske fag til eit fullstendig treårig tilbod på lik line med andre studieretningar/liner, der studiekompetanse og eventuell yrkeskompetanse er innebygd?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til kirke- og undervisningsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 25.01.1989

    Svart på: 25.01.1989 av kirke- og undervisningsminister Mary Kvidal

    "Kyrkje- og undervisningsministeren har varsla at 16-åringar frå hausten av skal prioriterast særskilt ved inntak til dei vidaregåande skulane. Dette har nokre stader skapt reaksjonar i høve til dei 17-åringane som ikkje fekk noko skuletilbod i fjor. Kva vil statsråden gjere for å hindre at prioriteringa av 16-åringane får negative verknader for denne gruppa?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til kirke- og undervisningsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 16.11.1988

    Svart på: 16.11.1988 av kirke- og undervisningsminister Mary Kvidal

    "Ca. 2 400 personar blir kvart år ramma av afasi. Afasi rammar både born og eldre. Språkopplæring og bruk av EDB kan vere nyttige hjelpemidlar overfor denne gruppa. Kva kan statsråden gjere for at born i større grad får nyttiggjere seg desse hjelpetiltaka?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til miljøvernministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 10.11.1988

    Svart på: 10.11.1988 av miljøvernminister Sissel Rønbeck

    "Frå massemedia er ein kjend med at stoffa som skal erstatte fosfat i vaskemidlar på mange måtar kan føre til større miljøproblem enn kva ein har rekna med. Meiner miljøvernministeren at fosfatfritt vaskemiddel framleis er det mest miljøvenlege?"
  • Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til sosialministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 27.04.1988

    Svart på: 27.04.1988 av sosialminister Tove Strand

    "I merknadene til årets sosialbudsjett ber Stortinget departementet vurdere ei ordning med ei viss eigenbetaling ved behandlingsreiser til utlandet - og at dei midlar som dei tek inn øyremerkes for ei utviding av behandlingtilbodet. Kva vil statsråden gjere for å følgje dette opp?"