Spørjetimespørsmål fra Arne Haukvik (Uav) til landbruksministeren

Datert: 09.05.1997
Svart på: 14.05.1997 av landbruksminister Dag Terje Andersen

Arne Haukvik (Uav)

Spørsmål

Arne Haukvik (Uav): Landsforeningen for hestesentra viser til at rideskolane i landet har eit stort behov for ponniar og hestar til drifta si. Desse dyra kan ikkje på langt nær skaffast fram i Norge, og skolane er avhengige av import, særleg frå Danmark. Tollsatsen fører til at rideskolane ikkje maktar å skaffe seg nok dyr.
Vil landbruksministeren derfor sjå på dette med sikte på å fjerne eller sterkt redusere tollen på ponniar og hestar til rideskolane, eller sjå på andre ordningar som vil lette på denne situasjonen?


Les heile debatten