Spørjetimespørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til arbeids- og administrasjonsministeren

Datert: 07.04.2000
Fell vekk fordi spørjaren har forfall/ikkje er til stades

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): I St.meld. nr. 28 (1999-2000) Innhald og kvalitet i omsorgstenestene, Omsorg 2000, vert det sagt at Arbeid- og administrasjonsdepartementet gjennomfører ei utgreiing av norske og internasjonale erfaringar med konkurranseutsetting i offentleg sektor, inkludert omsorgstenestene, og at den vil føreliggja tidleg år 2000.
Vil statsråden fylgja opp denne utgreiinga, og i tilfelle når og på kva måte?


Les heile debatten