Spørjetimespørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til arbeids- og administrasjonsministeren

Om vurderinga av sjukelønsordninga som statsråden har varsla, og om innverknaden av redusert løn og dermed økonomisk tryggleik på omfanget av fråveret

Datert: 27.10.2000
Svart på: 01.11.2000 av arbeids- og administrasjonsminister Jørgen Kosmo

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): I Dagens Næringsliv 26. oktober 2000 har statsråden eit innlegg om oppfylgjing av Sandman-utvalet der han varslar ei nærare vurdering av dagens sjukelønsordning.
Meiner han redusert løn og dermed redusert økonomisk tryggleik under sjukdom har innverknad på sjølve omfanget av fråveret, eller er det andre forslag frå Sandman-utvalet han heller vil prioritera å iverksetja?


Les heile debatten