Spørjetimespørsmål fra Magne Aarøen (KrF) til barne- og familieministeren

Om ein praksis som fører til at berre 15 av 100 born som barnevernet tek omsorga for, vert plasserte i fosterheimar hjå eigne slektningar

Datert: 04.03.2003
Svart på: 19.03.2003 av barne- og familieminister Laila Dåvøy

Magne Aarøen (KrF)

Spørsmål

Magne Aarøen (KrF): I VG den 27. februar i år kan vi lese om ei doktoravhandling av Tromsø-forskaren Amy Holtan som påviser at berre 15 av 100 born, som barnevernet tek over omsorga for, vert plasserte i fosterheimar hjå eigne slektningar. Ut frå denne avhandlinga synest det frå barnevernet si side å ligge til grunn ein bevisst strategi til å ikkje plassere fosterheimsborn i familiar til eigne slektningar.
Er statsråden nøgd med ein praksis som fører til eit slikt resultat, og kva vil ho eventuelt gjere med det?


Les heile debatten