Spørsmål
Ranveig Frøiland (A): I revidert nasjonalbudsjett våren 2003 er det vedteke at det skal byggjast nye gassferjer. Ferjesambanda som skal nytta desse ferjene er også bestemt. Arbeidsledigheita ved verfta er stor, så slike oppdrag er viktige og det hastar.
Korleis er framdrifta?