Munnleg spørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til kultur- og kirkeministeren

Om å stanse utplassering av nye speleautomatar, i staden for å eksperimentere og tru at dei nye automatane ikkje fører til så mange speleavhengige som dei gamle

Datert: 02.04.2008
Svart på: 02.04.2008 av kultur- og kirkeminister Trond Giske

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Endeleg ser vi resultata av at speleautomatane er fjerna. Undersøkingar viser ein sterk nedgang i talet på speleavhengige som ber om hjelp. Fjerninga av speleautomatane får æra. Etter at automatane blei fjerna, har 90 pst. av dei som tilbyr behandling til speleavhengige, oppleve nedgang i talet på personar som har teke kontakt. Mange familiar pustar letta ut og betaler gjelda si. Men om statsråden følgjer sin plan, skal snart Norsk Tipping plassere ut nye speleautomatar, og mange fryktar at behovet for hjelp vil auke.
Enkeltmenneske har fått sine liv øydelagde fordi dei har blitt speleavhengige. Barn har opplevd at far eller mor har spelt opp pengane som skulle ha gått til kler og mat. Kristeleg Folkeparti har lenge kjempa for dei speleavhengige. Inntekter til frivillige lag og organisasjonar må sikrast på ein annan måte enn ved speleautomatar.
Dagbladet skreiv på leiarplass 25. februar i år:
«At sosialdemokrater og ideelle organisasjoner fortsetter å sko seg på de spilleavhengige er for oss en gåte. Giske hadde mulighet til å gjøre det eneste riktige: Å forby gevinstautomatene for å stoppe de sosiale ulykkene bandittene skaper.»
Nye automatar er ikkje noko folkekrav, tvert imot. Mitt spørsmål til statsråden er: Vil statsråden fortsette å gi dei speleavhengige spelefri og stanse utplassering av nye automatar for å gi ein permanent fri frå automatar, i staden for å eksperimentere og tru at dei nye automatane ikkje fører til så mange speleavhengige som dei gamle? Vil ein la vere å eksperimentere med dette?


Les heile debatten