Spørjetimespørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til olje- og energiministeren

Datert: 14.01.2010
Spørsmålet er trekt tilbake

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): I Hardanger er det planlagt ei ny 420 kV kraftlinje mellom Sima og Samnanger som møter sterk motstand. Denne veka er det lagt fram to rapportar som peikar på betydelege manglar i konsesjonssøknaden frå Statnett som no ligg til klagehandsaming i Olje- og energidepartementet. Det blir vist til at endra produksjon og forbruk saman med bygging av eit SVC-kompenseringsanlegg vil gjere det ulønsamt å bygge den planlagde linja.
Kva vil statsråden gjere for at det blir gjort grundigare vurderingar før det blir teke stilling til bygging av denne linja?


Les heile debatten