Munnleg spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Om hvor ille det må bli i eldreomsorgen i Kommune-Norge før statsråden vurderer å innføre statlig finansiering når det gjelder driften av eldreomsorgen i Norge

Datert: 06.04.2011
Svart på: 06.04.2011 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Det er no snart gått seks år sidan den raud-grøne regjeringa overtok og Senterpartiet overtok Kommunaldepartementet.
Kvar veke får vi nye avsløringar om eldreomsorga i Kommune-Noreg som ikkje på nokon måte tyder på at ho er blitt noko betre dei siste åra – heller tvert imot. Seinast i går fekk vi på TV 2-nyheitene historia om Borgny på 84 år som fall og trykte på tryggleiksalarmen, men som ikkje fekk den hjelpa ho burde fått. Nylege oppslag har vore: Sykepleierne slakter tilbudet i norsk eldreomsorg. Éin av tre heimehjelpsmottakarar treng institusjonsplass. Kommuner bryter loven i behandling av sykehjemssøknader. Tilbakemeldingar frå lokale ordførarar, rådmenn og andre tyder på ein stram kommuneøkonomi og dårlege tilbod for mange gamle som følgje av det.
I går vedtok Stortinget noko som Framstegspartiet har kjempa lenge for, nemleg auka statleg investeringstilskot for bygging av sjukeheimsplassar og omsorgsbustader. Det er sjølvsagt bra, det er eit skritt i riktig retning, men det er ikkje nok. Forslaget vårt om statlege tilskot til drift av sjukeheimsplassar blei dessverre nedstemt. Statleg tilskot til drift av sjukeheimsplassar er noko som kunne ha hjelpt på situasjonen. Det veit vi er noko som fungerer på andre område: Blir ein sjuk, får ein automatisk sjukepengar frå staten, blir ein arbeidsledig, får ein automatisk arbeidsløysetrygd frå staten.
Spørsmålet mitt til kommunalministeren er: Kor ille må det bli i eldreomsorga i Kommune-Noreg før kommunalministeren også vurderer å innføre statleg finansiering når det gjeld drifta av eldreomsorga i Noreg?


Les heile debatten