Munnleg spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om å sikre ei vidareføring av ein godt etablert praksis som har sikra legar reservasjonsrett i samvitsspørsmål, med bakgrunn i at me har ei fastlegeforskrift ute på høring om tilvising til abort for fastlegar

Datert: 15.02.2012
Svart på: 15.02.2012 av statsminister Jens Stoltenberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Eg vil stille statsministeren eit spørsmål av viktig prinsipiell karakter.
I 34 år har me hatt ein godt etablert praksis som har sikra legar reservasjonsrett i samvitsspørsmål. No er det snakk om tilvising til abort for fastlegar. Abort er eit omstridt tema verda over, men eg trur me alle er einige om at det blir karakterisert òg som eit samvitsspørsmål, og er det for mange menneske.
På 1970-talet hadde me ein sterk debatt om denne saka i Noreg, ei sak som splitta folket, men ein var einig i at ein etablerte ein praksis som sikra reservasjonsrett for yrkesgrupper som var ramma av dette. Vi er òg einige om – sjølvsagt – at pasientane må få eit fullgodt tilbod, uavhengig av kva reservasjonsordning ein har. Men me ønskjer òg å ha eit samfunn som er ope, som er raust, som er tolerant. Det er verdiar som statsministeren på ein framifrå måte har lyfta fram det siste året.
No har me altså ei ordning som sikrar legar rett til å ha en jobb i tråd med overtydinga si. Pasientane sine rettar blir ivaretekne. Da er det med litt undring me ser at regjeringa har sendt ut eit rundskriv som gjer det umogleg å vidareføre denne praksisen.
Mitt spørsmål til statsministeren er: No har me altså ei fastlegeforskrift som er ute på høring. Her kan ein leggje til rette for – nettopp gjennom den forskrifta – å sikre ei vidareføring av ein svært god praksis. Vil statsministeren ta initiativ til det?


Les heile debatten