Munnleg spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om det er slik at når fagstatsrådar i denne regjeringa uttalar seg om leiteboring i Lofoten/Vesterålen, kan me vere trygge på at det er regjeringas politikk

Datert: 16.01.2013
Svart på: 16.01.2013 av statsminister Jens Stoltenberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): På eitt område leverer regjeringa på fornying, og det er politikken når det gjeld Lofoten/Vesterålen. Der blir politikken fornya frå time til time. No, føre ein samla oljebransje i Sandefjord, seier ansvarleg statsråd at han vil setje i gang aktivitet, leiteboring, i 2013. Dette er eit sårbart område og eit viktig område for torsken og heile grunnlaget for lofotfisket. Det er i ei tid der me nettopp lykkast med å finne olje- og gassfelt innanfor allereie opna område. Me opnar òg store område i Barentshavet, og me opplever relativt sett at fastlandsøkonomien i Noreg er under press og oljeindustrien går betre enn nokon gong.
Ola Borten Moe har tidlegare sendt ut pressemelding frå Olje- og energidepartementet om at han ønskjer ei opning av Lofoten, og han går i dag vidare med å seie leiteboring i 2013. Representanten Snorre Serigstad Valen seier at statsråden «må ta seg en kald brus og gå en lang tur». For ein gongs skuld vil Kristeleg Folkeparti kanskje anbefale statsråden å drikke noko sterkare enn ein brus! Spørsmålet mitt til statsministeren er: Er det slik at når fagstatsrådar i denne regjeringa uttalar seg, kan me vere trygge på at det er regjeringas politikk?


Les heile debatten