Om kva som er dei faglege årsakene til kuttframlegget, og om statsråden kan garantere at dette ikkje vil føre til forseinkingar i utbygginga av E16 over Filefjell
Datert: 08.01.2015 Svart på: 28.01.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen
Liv Signe Navarsete (Sp): I Nasjonal transportplan er det føresett at utbygging av E16 over Filefjell skjer samanhengande. For å halde framdrifta i prosjektet er det i handlingsprogrammet lagt inn 50 mill. kroner til oppstart av strekninga E16 Øye-Eidsbru i 2015. I regjeringa sitt budsjett er det derimot kutta 55 mill. kroner til E16 Filefjell, noko som ifølgje Statens vegvesen gjer at ein ikkje har midlar til å starte prosjektet og dermed halde framdrifta.Kva er dei faglege årsakene til kuttframlegget, og kan statsråden garantere at dette ikkje vil føre til forseinkingar i utbygginga?