Munnleg spørsmål fra Terje Breivik (V) til kunnskapsministeren

Om utdanningsinstitusjonane har rammevilkår og handlingsrom til å gje dei som vert permitterte eller arbeidslause den kompetansen dei treng for å fortsetja i arbeidslivet

Datert: 03.02.2016
Svart på: 03.02.2016 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Terje Breivik (V)

Spørsmål

Terje Breivik (V): Den låge oljeprisen har medført at mange vert permitterte eller mistar jobben – spesielt ille er det på Vestlandet, i heimfylket mitt, Hordaland, men ikkje minst i nabofylket i sør, Rogaland. Der er arbeidsløysa no oppe i 4,9 pst., og situasjonen vert stadig meir alvorleg.

I starten av krisa veit me at mange fekk jobb ein annan stad etter at dei vart permitterte, og lenge hadde andre bransjar hatt behov for den kompetansen som var i oljesektoren, og dei aller fleste fekk seg jobb innan tre–fire månader. No melder Nav om at det går lengre og lengre tid til folk får seg ny jobb, og det er stadig nye permitteringar og oppseiingar.

Dei som mistar jobben i desse tider, får sjølvsagt ein annan økonomisk situasjon enn dei er vande med frå før, men for mange er det likevel det ikkje å ha ein jobb å gå til og ikkje å ha ein plan eller ei oppgåve i kvardagen som er det aller verste.

Me veit at mange av dei som no mistar jobben i oljesektoren, ikkje skal tilbake dit, men at dei heller finn seg arbeid innanfor andre område. For mange betyr det i praksis at dei anten må oppdatera utdanninga si og fylla på litt, eller at dei rett og slett må ta ny utdanning.

Regjeringa har varsla endringar i regelverket, sånn at dei som allereie er i gang med studium, får fullføra desse utan å mista dagpengar. Regjeringa gjer òg endringar som gjer at ein kan få utbetalt dagpengar om ein tek studiar som er moglege å kombinera med full jobb. Det er veldig bra. I budsjettforliket fekk Venstre, saman med regjeringspartia og Kristeleg Folkeparti, òg løyvd pengar til 550 nye studieplassar.

Spørsmålet til statsråden er om utdanningsinstitusjonane er rigga til å handtera og avhjelpa den krisesituasjonen mange er i no, og om utdanningsinstitusjonane har rammevilkår og handlingsrom til å gje dei som no er, og dei som vert, arbeidslause, den kompetansen dei treng for å fortsetja i arbeidslivet.


Les heile debatten