Om kvifor ikkje regjeringa har ein kraftigare, og ikkje minst meir målretta, tiltakspakke for Sør- og Vestlandet slik Arbeidarpartiet har føreslått
Datert: 02.03.2017 Svart på: 08.03.2017 av finansminister Siv Jensen
Magne Rommetveit (A): Arbeidsløysa på Sør- og Vestlandet bit seg fast og var i 2016 den høgaste på 20 år. I fjor kunne me lesa i Stavanger Aftenblad at regjeringa bløffa om tiltakspakke, og 28. januar kunne me lesa i Sunnmørsposten at 'Totalt har vi spora opp rundt 147 millioner kroner til tiltak i Møre og Romsdal - tre prosent av den totale krisepakka fra regjeringa'.Kvifor har ikkje regjeringa ein kraftigare, og ikkje minst meir målretta, tiltakspakke for Sør- og Vestlandet slik Arbeidarpartiet har føreslått?