Munnleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til statsministeren

Om statsministeren i år vil sørgja for at me får eit jordbruksoppgjer som oppfyller Stortinget sitt mål om å redusera inntektsforskjellane mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet

Datert: 18.04.2018
Svart på: 18.04.2018 av statsminister Erna Solberg

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): I dag var norske bønder på plass for å servera frukost framfor Stortinget. Det betyr at me straks er i gang med årets jordbruksoppgjer. Jordbruksoppgjeret er ei viktig sak for jordbruket, det er ei viktig sak for Noreg og for alle som er opptekne av god og trygg mat. Eg kan lova statsministeren at òg Senterpartiet er klar.
Eit aktivt jordbruk og matproduksjon i heile landet må til for å sikra befolkninga nok sunn og trygg mat. Det må til for å sikra busetjing i heile landet. Det må til for å sikra vår totale beredskap. Og jordbruket er grunnlaget for vår største fastlandsindustri.
Jordbruksoppgjeret handlar i stor grad om at det skal vera lønsamt å produsera mat i Noreg. Stortinget har slått fast at bondens inntekt er det viktigaste verkemidlet for å nå dei måla som er sette for norsk landbruk. Målet, vedteke av Stortinget, er å redusera inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet.
Tala i forkant av vårens jordbruksoppgjer viser at inntektene til bøndene stuper. Resultatet av fire år med liberalisering og sentralisering av jordbrukspolitikken er i ferd med å koma for ein dag. Jordbruksoppgjeret 2017 enda med brot og at Stortinget var nøydd til å gripa inn for å endra regjeringa sitt forslag til jordbruksoppgjer. I valet i haust mista dei tre mest landbruksliberalistiske partia på Stortinget sitt fleirtal i Stortinget.
Årets jordbruksoppgjer vert ein kamp for at me skal ha eit landbruk i heile landet med god dyrevelferd og med både store og små gardar. Så mitt spørsmål er: Vil statsministeren i år sørgja for at me får eit jordbruksoppgjer som oppfyller Stortinget sitt mål om å redusera inntektsforskjellane mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet?


Les heile debatten