Spørjetimespørsmål fra Hadia Tajik (A) til utviklingsministeren

Om statsråden kan gjere greie for status på kor langt han har kome med å få på plass ein strategi mot barne- og tvangsekteskap i det internasjonale arbeidet

Datert: 18.03.2019
Svart på: 03.04.2019 av utviklingsminister Dag-Inge Ulstein

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Sjølv om talet på barneekteskap har gått ned globalt, så er barneekteskap framleis ein vanleg praksis. Difor er FNs berekraftsmål om å få slutt på alle barneekteskap innan 2030 svært viktig å støtte opp om. Arbeidet mot barneekteskap handlar om meir enn formelle ekteskap, det handlar òg om kunnskap om eigen kropp og rettar.

Kan statsråden gjere greie for status på kor langt han har kome med å få på plass ein strategi mot barne- og tvangsekteskap i det internasjonale arbeidet?


Les heile debatten