Om kva regjeringa gjer for å verne barn og unge under 18 år mot helseskadeleg bruk av energidrikk, og kva tiltak statsråden vil setje i verk
Datert: 09.05.2019 Svart på: 15.05.2019 av eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug
Kjersti Toppe (Sp): Regjeringa har bedt Mattilsynet greie ut tiltak for betre å kunne verne barn og unge mot helseskadar som følgje av høgt konsum av energidrikkar. Mattilsynet foreslår fleire tiltak – til dømes ei forskriftsfesta grense for koffeininnhaldet i energidrikkar og meir forpliktande retningslinjer for sjølvregulering av marknaden. Kva gjer regjeringa for å verne barn og unge under 18 år mot helseskadeleg bruk av energidrikk, og kva tiltak vil statsråden setje i verk?