Spørjetimespørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Om statsråden kan svare på når ferjeløfta vert innfridde om halvering av ferjetakstane og gratis ferjer til samband med under 100 000 passasjerar

Datert: 02.03.2022
Svart på: 09.03.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): 4. oktober 2021 var det eit oppslag i NRK Møre og Romsdal der ferjeaksjonen i fylket skulle kaste Ap-politikar Per Vidar Kjølmoen av ferja dersom lovnaden om halvering av ferjetakstane ikkje vart innfridd. Frå nyttår kom det berre smular i kutt av ferjeprisane, og befolkninga i ferjefylka føler seg grundig forført. Det vart også lova gratis ferjer til samband med under 100 000 passasjerar, noko som heller ikkje er levert eller gjennomført.
Vil statsråden sikre at Kjølmoen ikkje må i havet, og når vert ferjeløfta innfridde?


Les heile debatten