Munnleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til statsministeren

Om regjeringa vil bruke anledninga, når nysalderinga av budsjettet kjem om nokre veker, til å få på plass ein solid og ekstraordinær solidaritetspakke med Ukraina

Datert: 16.11.2022
Svart på: 16.11.2022 av statsminister Jonas Gahr Støre

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Hendingane i går, der ein eksplosjon drap to menneske i ein polsk grenselandsby, viser kor alvorleg det er med krig i hjartet av Europa, og kor fort det kan gå gale. Det er enno ikkje avklart nøyaktig kva som har skjedd, men det vi uansett veit, er at Russland i går terroriserte Ukraina med opp mot 100 missil sende mot kritisk energiinfrastruktur.

Heltemotet til det ukrainske folket og forsvaret deira er imponerande, og dei gjer store framsteg. Men det er heller ingen grunn til å vere naiv med tanke på kva som står føre Ukraina – og i og for seg oss: ein lang og krevjande vinter. Ressursbehovet er enormt, både kva gjeld militær bistand og anna bistand. Og skadeverknadene av krigen rammar både nabolanda og land lenger unna: matkrise, flyktningkrise og energikrise.

Noreg er i ein unik posisjon i Europa. Sjølv om vi også får flyktningutgifter og vert påverka av straumpriskrisa, er vi det einaste landet som faktisk tener ein god del pengar på det som no skjer, på grunn av dei høge olje- og gassprisane. Noreg ligg an til enorme ekstrainntekter i 2022. Litt avhengig av korleis ein reknar, kan det vere snakk om så mykje som 900 mrd. kr. Det vert lagt merke til, og det vert omtalt i tonegjevande europeiske nyheitsmedium og av politikarar.

Noreg har gjort mykje for Ukraina, men vi har også kapasitet til å gjere mykje meir. Det er opplagt i alles interesse at Ukraina vinn denne krigen, og det er i Noregs strategiske interesse at vi vert oppfatta som ein stabil og solidarisk partnar der ute, ikkje minst når vi tener mykje pengar.

Så spørsmålet mitt til statsministeren er: Når vi no ligg an til enorme ekstrainntekter i inneverande år, vil regjeringa bruke anledninga, når nysalderinga av budsjettet kjem om nokre veker, til å få på plass ein solid og ekstraordinær solidaritetspakke med Ukraina?


Les heile debatten