Spørjetimespørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til finansministeren

Om regjeringa sitt syn på konsekvensane av framlegga frå regjeringa for grunnrenteskatt på kraft og oppdrett, og om regjeringa er samd i kritikken mot grunnrenteskatten frå årsmøtet i Senterpartiet i Møre og Romsdal

Datert: 23.11.2022
Svart på: 30.11.2022 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): I ordinær spørjetime onsdag den 16. november svarte statsråden overhovudet ikkje på kva som var konsekvensen av framlegga frå regjeringa for grunnrenteskatt på kraft og oppdrett. Spørsmålsstillaren måtte to gongar vende seg til presidenten for å få hjelp til å få svar. Samtidig ser vi eit samla fylkeslag i Senterpartiet i Møre og Romsdal som samrøystes i årsmøtet sitt protesterer mot eiga regjering sin skattepolitikk.
Har årsmøtet i Senterpartiet i Møre og Romsdal rett i kritikken av regjeringa sin skattepolitikk?


Les heile debatten