Spørjetimespørsmål fra Olve Grotle (H) til finansministeren

Om regjeringen vil fylgje opp høyringsinnspelene den har fått og vurdere andre modellar for grunnrenteskatt på havbruk

Datert: 04.01.2023
Svart på: 11.01.2023 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Olve Grotle (H)

Spørsmål

Olve Grotle (H): I Sjømat Norge, Sjømatbedriftene, Biomarint forum og fleire andre sine høyringsinnspel til regjeringa sitt forslag til grunnrenteskatt på havbruk blir det bedt om at regjeringa greier ut andre modellar, mellom anna ein alternativ modell som ein variant av den færøyske grunnrenteskattmodellen. Ein slik modell vil òg kunne gi eit skatteproveny likt regjeringa sitt forslag, om lag 3,65–3,8 mrd. kroner.
Vil regjeringa nå greie ut og vurdere andre modellar for grunnrenteskatt på havbruk, mellom anna ein variant av den færøyske modellen?


Les heile debatten