Munnleg spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til klima- og miljøministeren

Om at statsråden har satt døra på gløtt for å ofre Lågendeltaet til fordel for bilane, tvert imot Miljødirektoratet sitt naturfaglege råd, og om ikkje naturavtalen er viktig nok til at ein stoppar slike prosjekt

Datert: 08.02.2023
Svart på: 08.02.2023 av klima- og miljøminister Espen Barth Eide

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Det er godt nytt at Noreg har skrive under naturavtalen, og det er også godt nytt at regjeringa allereie varslar at ein vil setje i gang eit arbeid med ei stortingsmelding for å lage ein plan for korleis denne historiske naturavtalen skal implementerast i norsk politikk. Men så er det ein god del store arealsaker – for dette handlar veldig mykje om areal – som må avgjerast før denne meldinga er ferdig. Då Miljødirektoratet sette ned foten for å byggje ein motorveg gjennom Lågendeltaet, same dag som naturavtalen blei underskriven, tenkte eg: endeleg nokon som set ned foten til fordel for natur. Men blekket i avtalen var knapt tørka før ministeren likevel sette døra på gløtt for å ofre Lågendeltaet til fordel for bilane, tvert mot Miljødirektoratet sitt naturfaglege råd.

Kva skjer? Har statsråden ombestemt seg? Er ikkje varig vern varig vern, og er naturavtalen ikkje viktig nok til at ein stoppar slike prosjekt?


Les heile debatten