Spørjetimespørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Datert: 02.11.2023
Spørsmålet er trekt tilbake

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): I fire veker har 2,3 millionar menneske innesperra på eit lite område utan tilgang til vatn, mat, medisinar eller straum vore utsette for eit bomberegn. Regjeringa har stadfesta at Israel bryt humanitærretten, og saman med fleirtalet i FNs generalforsamling tatt til orde for ei våpenkvile. Men Israel viser ingen vilje til å legga band på seg. Det må leggast makt bak kravet.
Kva initiativ har regjeringa tatt for å legga press på israelske styresmakter, og kva konsekvensar vil krigsbrotsverka ha for forholdet mellom Noreg og Israel?