Spørjetimespørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til justis- og beredskapsministeren

Om kva statsråden har gjort i løpet av det siste året for at forsvunne einslege mindreårige asylsøkarar blir funne

Datert: 09.11.2023
Svart på: 15.11.2023 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Det er snart eit år sidan NRK avslørte at 432 born og unge som kom hit til Noreg som einslege mindreårige asylsøkarar, har forsvunne utan ein skikkeleg innsats for å finne dei. Justis- og beredskapsministeren lova å ta tak i dette og skjerpe rutinane.
Kva har statsråden gjort i løpet av dette året for at desse borna blir funne?


Les heile debatten