Munnleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Om statsråden meiner at dei nye elbussane har takla den norske vinteren på ein god måte

Datert: 10.01.2024
Svart på: 10.01.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Spørsmålet går til samferdselsministeren.

Vinter og kulde gjer at rekkjevidda vert kraftig redusert for elbussar. Dette har fått store konsekvensar for kollektivreisande i sprengkulda. På måndag aleine innstilte Ruter heile 1 000 bussavgangar i hovudstaden. Til Avisa Oslo seier Ruter at dette er ikkje er deira ansvar, men kjem av klimakrisa. Direktøren for kommunikasjon og samfunnskontakt i Ruter forklarer kollapsen i kollektivtrafikken slik:

Dette er det ein vanlegvis kallar norsk vinter.

Kva er det som skjer? Regjeringa har framskunda kravet om nullutslepp for alle bybussar frå 2025 til 2024. Statsråden har i den forbindelse uttalt at det er viktig at det offentlege går føre og stiller strenge krav til miljøvenlege innkjøp i transportsektoren, slik at vi reduserer utsleppa frå sektoren.

Når vi no har sett korleis elbussane taklar den norske vinteren, kan statsråden då med godt samvit tvinge bussane som ikkje går, på alle dei kollektivreisande i byane neste vinter? Meiner statsråden at dei nye elbussane har takla den norske vinteren på ein god måte?


Les heile debatten