Munnleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til finansministeren

Om finansministeren kan avklare meir presist kva ein meiner med at arbeidsgjevaravgifta skal fjernast før stortingsvalet i 2025.

Datert: 06.03.2024
Svart på: 06.03.2024 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Då statsbudsjettet for 2023 vart lagt fram, føreslo regjeringa, heilt ut av det blå, ei ekstra arbeidsgjevaravgift på inntekter over 750 000 kr. Det var ei ekstrarekning på arbeidskraft som ramma om lag 400 000 bedrifter i privat sektor over heile landet. Det var ingen konsekvensanalyse eller høyring på førehand, anna enn at finansministeren la til grunn at ekstra arbeidsgjevaravgift ville redusere etterspurnaden etter arbeidskraft. – Det er no også eit mål.

Trass i store protestar har regjeringa valt å vidareføre den ekstra arbeidsgjevaravgifta også i år. Det er det ingen som støttar regjeringa i, anna enn partiet Raudt. Det har f.eks. null støtte hos partane i arbeidslivet, fordi dette er eit direkte inngrep i lønsdanninga. Konsekvensen er at ein trekkjer inn 8–10 mrd. kr frå norske arbeidsgjevarar som kunne og burde verte brukte i lønsoppgjeret, nettopp for å sikre det som regjeringa sjølv snakkar om på inn- og utpust, nemleg at alle skal få det betre gjennom auka kjøpekraft.

Finansministeren har varsla at arbeidsgjevaravgifta skal fjernast – det er bra – før stortingsvalet i 2025. Det er jo ikkje eit veldig presist tidspunkt, så då er spørsmålet: Skal avgifta fjernast frå 1. januar 2025, eller 1. september 2025, eller er det slik at ein skal varsle før stortingsvalet at avgifta skal fjernast frå 2026 – og dermed sende rekninga over til neste storting? Dette er mildt sagt ikkje av lita interesse, verken for denne sal eller for dei partane som skal setje seg ned og forhandle lønsoppgjeret, for det har noko å seie om ein veit om det finst 8–10 mrd. kr meir å gå på eller ikkje når ein skal få eit viktig lønsoppgjer i mål. Så eg vil gjerne utfordre finansministeren til å skape litt meir føreseielegheit både for Stortinget, for arbeidsgjevarar og for arbeidstakarar og avklare kva ein meiner med at denne avgifta skal fjernast før stortingsvalet i 2025.


Les heile debatten