Munnleg spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til justis- og beredskapsministeren

Mitt spørsmål går til justisministeren. Eg vil starta med å ønskja vel overstått påske. Det er ei påske som eg veit har gjeve mange av våre politifolk nye krevjande arbeidsoppgåver. Lokalsamfunn står med kriser etter alvorlege drapssaker, både i Hallingdal og i Oslo nyleg. Dette er berre to av eksempla som har prega nyheitsbildet denne påska, og det er dessverre eit bilde vi ser meir og meir av, der kriminaliteten stig, og ressursane politiet har for å motverka og førebyggja, blir mindre og mindre. Det blir færre politifolk kvar einaste månad med Senterpartiet og Arbeidarpartiet i regjering, men meir kriminalitet gjer at dei som er igjen i politiet, får ein tøffare kvardag. Utsiktene til dei som utdannar seg til dette yrket, er heller ikkje gode til å få fast jobb når dei er ferdig utdanna. Me lever i ei veldig utrygg tid. Då har me i denne salen eit stort ansvar for å gjera det me kan for å tryggja innbyggjarane våre. Mitt spørsmål til statsråden er: Kva er planen hennar for å satsa meir på politiet for å tryggja innbyggjarane i Noreg?

Datert: 03.04.2024
Svart på: 03.04.2024 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Mitt spørsmål går til justisministeren. Eg vil starta med å ønskja vel overstått påske. Det er ei påske som eg veit har gjeve mange av våre politifolk nye krevjande arbeidsoppgåver. Lokalsamfunn står med kriser etter alvorlege drapssaker, både i Hallingdal og i Oslo nyleg. Dette er berre to av eksempla som har prega nyheitsbildet denne påska, og det er dessverre eit bilde vi ser meir og meir av, der kriminaliteten stig, og ressursane politiet har for å motverka og førebyggja, blir mindre og mindre. Det blir færre politifolk kvar einaste månad med Senterpartiet og Arbeidarpartiet i regjering, men meir kriminalitet gjer at dei som er igjen i politiet, får ein tøffare kvardag. Utsiktene til dei som utdannar seg til dette yrket, er heller ikkje gode til å få fast jobb når dei er ferdig utdanna.

Me lever i ei veldig utrygg tid. Då har me i denne salen eit stort ansvar for å gjera det me kan for å tryggja innbyggjarane våre. Mitt spørsmål til statsråden er: Kva er planen hennar for å satsa meir på politiet for å tryggja innbyggjarane i Noreg?


Les heile debatten