Munnleg spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Om kva regjeringa vil gjera for å få på plass både krav og føreseieleg kompensasjon for meirkostnadene til fylkeskommunane når det gjeld utsleppskutt frå ferje- og båttrafikken

Datert: 10.04.2024
Svart på: 10.04.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Å kutte klimagassutslepp frå ferje- og båttrafikk er både effektivt og nødvendig for å nå klimamåla. Både Vestland og Møre og Romsdal, som har gått føre i å kutte utslepp, er heilt tydelege på at satsinga på nullutsleppsferjer og -båtar har vore underfinansiert med fleire hundre millionar frå staten si side tidlegare. Kystfylka er tydelege på at no trengst det meir føreseielegheit i dei økonomiske vilkåra for omstillinga framover. Fylka har vedtak om å stille krav til utsleppskutt i anboda sine, men det kostar. Om ein ikkje får på plass betre føreseielegheit i ordningane, vil det tvinge fylka til kanskje å lyse ut anbod utan strenge utsleppskrav eller at ein må kutte i rutetilbod og gode tenester. Kva gjer regjeringa for å levere det som er lova i Hurdalsplattforma om å få på plass både krav og føreseieleg kompensasjon for meirkostnadene til fylkeskommunane, når det gjeld utsleppskutt frå ferje- og båttrafikken?


Les heile debatten