Vedtak 469
Stortinget samtykker i at bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av utbygginga av E6 på strekninga Dal–Minnesund i Akershus og Skaberudkrysset i Hedmark etter vilkåra i St.prp. nr. 82 (2008–2009) og Innst. S. nr. 344 (2008–2009).
Vedtak 470
Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.