Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Finansiering av prosjekt og tiltak på fv 714 Stokkhaugen - Sunde i Sør-Trøndelag, trinn 1

Prop. 182 S (2012-2013), Innst. 39 S (2013-2014)

Vedtak 104

Stortinget samtykker i at:

  • 1. Bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak på fv. 714 Stokkhaugen–Sunde i Sør-Trøndelag etter Prop. 182 S (2012–2013) og Innst. 39 S (2013–2014).

  • 2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.

Vedtak 105

Stortinget ber regjeringa vurdere ordning med statleg garanti for bompengelån der det kan bidra til lågare lånerente, og at regjeringa i samarbeid med fylkeskommunen kan vurdere å endre bompengesatsen og nedbetalingstid.