Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Delvis bompengefinansiering av Askøypakken i Hordaland

Prop. 197 S (2012-2013), Innst. 40 S (2013-2014)

Vedtak 106

  • 1. Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet får løyve til å krevja inn bompengar til delvis bompengefinansiering av Askøypakken i Hordaland. Vilkåra går fram av Prop. 197 S (2012–2013) og Innst. 40 S (2013–2014).

  • 2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetja nærare reglar for finansieringsordninga.

Vedtak 107

Stortinget ber regjeringa vurdere ordning med statleg garanti for bompengelån der det kan bidra til lågare lånerente, og at regjeringa i samarbeid med fylkeskommunen kan vurdere å endre bompengesatsen og nedbetalingstid.