Endringar i statsbudsjettet 2019 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2019 mv.)
Prop. 123 S (2018-2019), Innst. 406 S (2018-2019)
Vedtak 612
I statsbudsjettet for 2019 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
2315 |
1 |
Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet Driftsutgifter, løyvd med |
1 398 000 000 |
502 |
71 |
Opplæring og utvikling av tillitsvalde, auka med |
4 400 000 |
frå kr 190 600 000 til kr 195 000 000 |
Vedtak 613
Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2019 blir gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av LO Stat, Unio og YS Stat, i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 24. mai 2019, jf. vedlegg 1.
Vedtak 614
Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2019 blir gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av Akademikerne, i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 24. mai 2019, jf. vedlegg 2.
Vedtak 615
For embetsmenn og statstilsette som ikkje er medlemmer av organisasjonar som nemnde i romartal II og III, og difor ikkje får løns- og arbeidsvilkåra sine fastsette i hovudtariffavtale, skal same løns- og arbeidsvilkår som etter romartal II gjelde. Embetsmenn og statstilsette som er tekne ut av hovudtariffavtala, får løns- og arbeidsvilkåra sine fastsette administrativt i eigen kontrakt.
Vedtak 616
Stortinget samtykkjer i at Kongen på vegner av staten kan bringe tvistar i samband med tariffoppgjeret i staten i 2019 inn for Rikslønsnemnda i samsvar med lov 18. juli 1958 nr. 2 om offentlige tjenestetvister § 31 andre ledd.
Vedtak 617
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.