Endringar i kostnadsrammer for samlokaliseringsprosjektet ved Campus Ås
Prop. 125 S (2020-2021), Innst. 368 S (2020-2021)
Vedtak 881
Kostnadsramma for byggjeprosjektet
ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Veterinærinstituttet
Stortinget samtykkjer i at kostnadsramma for byggjeprosjektet ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Veterinærinstituttet vert auka til 8 500 mill. kroner, i prisnivå per 1. juli 2021.
Vedtak 882
Kostnadsramma for brukarutstyr
til byggjeprosjekt ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet
og Veterinærinstituttet
Stortinget samtykkjer i at kostnadsramma for brukarutstyr for Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Veterinærinstituttet vert auka til 1 245 mill. kroner, i prisnivå per 1. juli 2021.