Representantforslag om utvida bruk av maritim ladeinfrastruktur
Dokument 8:229 S (2022-2023), Innst. 42 S (2023-2024)
Vedtak 35
Stortinget ber regjeringa sette i gang eit arbeid der ein vurderer korleis og på kva måte infrastruktur på land for etablerte elektriske ferjer eller andre maritime fartøy kan gjerast tilgjengeleg for annan sjø- og landtransport, gjerne gjennom kommersielle lade- og landstraumaktørar.
Vedtak 36
Stortinget ber regjeringa sikre at det for komande offentlege anbod for kommersielle ferjer og hurtigbåtar blir vurdert korleis el-infrastrukturen kan tilgjengeleggjerast for andre brukarar, og stille krav om dette i dei komande anboda.