Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Utbygging og finansiering av E134 Røldal-Seljestad i Vestland og kostnadsramme for E6 Megården-Sommerset i Nordland

Prop. 44 S (2023-2024), Innst. 249 S (2023-2024)

Vedtak 552

Fullmakter til å forplikte staten for investeringsprosjekt

Stortinget samtykker i at Samferdselsdepartementet i 2024 kan:

Starte opp, medrekna føreta bestillingar og gi tilsegn i desse investeringsprosjekta:

Under kap./post

Innanfor ei kostnadsramme på:

E134 Røldal–Seljestad

1320/30

4 921 mill. kroner

E6 Megården–Sommerset

1320/30

7 283 mill. kroner

Fullmaktene gjeld òg forpliktingar som blir inngåtte i seinare budsjettår, innanfor kostnadsramma for det einskilde prosjektet. Samferdselsdepartementet blir gitt fullmakt til å pris- og valutakursjustere kostnadsrammene i seinare år.

Vedtak 553

Fullmakter til bompengefinansiering
  • 1. Stortinget sluttar seg til delvis bompengefinansiering av prosjektet E134 Røldal–Seljestad.

  • 2. Stortinget samtykker i at bompengeselskapet Ferde AS får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av prosjektet E134 Røldal–Seljestad. Vilkåra går fram av Prop. 44 S (2023–2024)

  • 3. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet Ferde AS om (del)finansiering av prosjektet E134 Røldal–Seljestad. Avtalen gir bompengeselskapet rett til å krevje inn bompengar innanfor vilkåra i Prop. 44 S (2023–2024).