Vedtak til lov om endringar i bustøttelova (bustøtte til enkeltpersonar i bukollektiv)
I Stortingets møte 13. oktober
2016 ble det gjort slikt
vedtak til lov
om endringar i bustøttelova
(bustøtte til enkeltpersonar i bukollektiv)
I
I lov 24. august
2012 nr. 64 om bustøtte skal § 5 lyde:
§ 5 Krav til bustaden
Vilkår for å få
rett til bustøtte er at bustaden
-
a) er godkjend som
bustad
-
b) er ein sjølvstendig
bustad med eigen inngang
-
c) har eige bad
og toalett og gjev høve til
matlaging, og
-
d) gjev høve til kvile.
Personar som av helse- eller sosialfaglege
årsaker bur i eit bufellesskap utan å høyre til same husstand, kan
få bustøtte på individuelt grunnlag dersom kommunen godkjenner at
bustaden er eigna. Kommunen kan i vurderinga av om bustaden er eigna
gjere unntak frå kvalitetskravet i første ledd bokstav b. Kommunen
kan også gjere unntak frå krava i bokstav c dersom funksjonane som
er nemnde der, er del av bufellesskapet elles.
II
Lova gjeld frå den
tida Kongen fastset.
Olemic Thommesen
|
president
|