År 2003 den 12. juni holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande
opplæringa (opplæringslova) blir det gjort følgjande
endringar:
§ 2-5 fjerde ledd skal lyde:
Når minst ti elevar på eitt av klassetrinna
1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg oppæring på eit
anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett
til å tilhøre ei eiga elevgruppe. Retten gjeld
så lenge det er minst seks elevar igjen i denne
gruppa. Når elevane er spreidde på fleire
skolar i kommunen, vedtek foreldra med vanleg fleirtal kva skole
tilbodet skal givast ved.
§ 2-12 tredje ledd skal lyde:
For private grunnskolar gjeld også §§ 2-2,
2-5 første, andre, tredje og sjette ledd, 2-9, 2-10, 2-11, 8-2,
9-1, 9-2, 9-3, 9-4, 9-5, kapittel 9a, §§ 10-1,
10-6, 10-9, 11-1, 11-2, 11-3, 11-4, 11-7, 11-10, 13-10, 14-1,
15-3 og 15-4.
§ 3-3 tredje ledd skal lyde:
Fagopplæringa omfattar normalt to års
opplæring i skole og eitt års opplæring
i bedrift. Når opplæring i bedrift blir kombinert
med verdiskaping i bedrifta, kan opplæringa strekkje seg
over to år. Fylkeskommunen kan i det enkelte tilfellet
godkjenne lærekontrakt/opplæringskontrakt
som fastset at heile opplæringa, eller ein større
del av opplæringa enn det som følgjer av læreplanen,
skal skje i bedrift.
§ 4A-4 første ledd skal lyde:
For opplæringa etter dette kapitlet gjeld §§ 13-1
til 13-3a og 13-10.
§ 5-5 andre ledd skal lyde:
Skolen skal kvart halvår utarbeide
skriftleg oversikt over den opplæringa eleven har fått,
og ei vurdering av utviklinga til eleven. Skolen sender
oversikta og vurderinga til eleven eller til foreldra til eleven
og til kommunen eller fylkeskommunen.
§ 8-2 skal lyde:
§ 8-2. Organisering av elevane i grupper
Elevane kan delast i grupper etter behov. Gruppene
må ikkje vere større enn det som er pedagogisk
og tryggleiksmessig forsvarleg. Organiseringa skal vareta elevane
sitt behov for sosialt tilhør. Til vanleg skal organiseringa
ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk
tilhør.
Kvar elev skal vere knytt til ein lærar
(kontaktlærar) som har særleg ansvar for dei praktiske,
administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld eleven,
mellom anna kontakten med heimen.
§§ 8-3 og 8-4 blir oppheva.
§ 9-1 skal lyde:
§ 9-1. Leiing
Kvar skole skal ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk og
administrativ leiing.
Opplæringa i skolen skal leiast av rektorar.
Rektorane skal halde seg fortrulege med den daglege verksemda i
skolane og arbeide for å vidareutvikle verksemda. Den som
skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse
og nødvendige leiareigenskapar.
Departementet kan etter søknad gjere unntak frå reglane i
andre ledd og gi høve til andre måtar å organisere
leiinga på.
§ 10-2 blir oppheva.
§ 11-2 første ledd skal lyde:
Ved kvar grunnskole skal det for klassetrinna 5-7 og for
klassetrinna 8-10 vere eit elevråd med representantar
for elevane. Kommunen fastset talet på elevrepresentantar. Representantane
skal veljast seinast tre veker etter at skolen har teke til om hausten.
§ 11-3 blir oppheva.
§ 13-7 skal lyde:
§ 13-7. Skolefritidsordninga
Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før
og etter skoletid for 1.-4. klassetrinn, og for barn med
særskilte behov på 1.-7. klassetrinn.
Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur-
og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og
interesser hos barna. Skolefritidsordninga skal
gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode
utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal
vere eigna for formålet.
Skolefritidsordninga skal ha vedtekter om
a. eigarforhold
b. kven som er opptaksmyndigheit
c. opptakskriterium
d. opptaksperiode og oppseiing av skolefritidsplassen
e. foreldrebetaling
f. leike- og opphaldsareal
g. dagleg opphaldstid og årleg opningstid
h. bemanning og leiing
Når skolefritidsordninga er knytt til skolar,
skal rektor til vanleg vere leiar. Departementet kan
gjere unntak frå kravet.
Kommunen kan krevje utgiftene til skolefritidsordninga
dekte gjennom eigenbetaling frå foreldra.
Regelen i § 10-9 første og tredje ledd
gjeld for tilsetjing i skolefritidsordninga.
Kommunen kan nytte andre til å oppfylle
plikta til å ha eit tilbod om skolefritidsordning, dersom
dei elles oppfyller vilkåra i denne paragrafen. Kommunen
fører tilsyn med private skolefritidsordningar.
Departementet kan gi nærmare
forskrifter om skolefritidsordninga.
Ny § 13-10 skal lyde:
§ 13-10. Ansvarsomfang
Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren
for privat skole etter § 2-12 har ansvaret for at krava
i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte, under
dette å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige
for at krava skal kunne oppfyllast.
Lovendringane trer i kraft på det tidspunkt Kongen fastset.
Dei enkelte føresegnene kan setjast i verk til ulik tid.
Ågot Valle |
Sigvald Oppebøen Hansen |
president |
sekretær |