År 2005 den 15. desember holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
§ 1. Formål
Formålet med lova er å medverke til at
kosmetikk, kroppspleieprodukt og andre produkt som er omfatta av
lova er helsemessig sikre for menneske og dyr.
Lova skal òg fremje forbrukarinteresser, ærlegdom,
dyrevelferd, etikk, miljø, mattryggleik og kvalitet.
§ 2. Sakleg verkeområde
Lova omfattar alle forhold i samband med utvikling, produksjon,
import, tilarbeiding, distribusjon, eksport og omsetning av
a) kosmetikk og kroppspleieprodukt, som er alle stoff
eller blandingar av stoff som er bestemte til å kome i
kontakt med kroppsoverflata til menneske, tennene eller slimhinnene
i munn- eller nasehola for berre eller i hovudsak å reinse
eller parfymere desse delane av kroppen, endre utsjånaden
deira, påverke kroppslukter, verne dei eller halde dei
i god stand
b) kosmetikk og kroppspleieprodukt for dyr, som er alle
stoff eller blandingar av stoff som er bestemte til å kome
i kontakt med kroppsoverflata til dyr, tennene eller slimhinnene
i munn- eller nasehola for berre eller i hovudsak å reinse
eller parfymere desse delane av kroppen, endre utsjånaden
deira, påverke kroppslukter, verne dei eller halde dei
i god stand
c) lækjemiddelnære kroppspleieprodukt,
som er alle stoff eller blandingar av stoff som er bestemte til å kome
i kontakt med kroppsoverflata til menneske eller dyr, tennene eller
slimhinnene i munn- eller nasehola for berre eller i hovudsak å førebyggje,
lindre eller behandle helseplager som ikkje kjem av sjukdom
d) tatoveringsprodukt, som er alle stoff eller blandingar
av stoff som er bestemte til å bli førte inn i
huda til menneske eller dyr for å oppnå permanente
eller langvarige mønster, teikningar, strekar, felt eller
fargar på huda, medrekna tatoveringsvæske og permanent
sminke
e) injeksjonsprodukt, som er alle stoff eller blandingar
av stoff som er bestemte til å bli førte inn i huda
til menneske eller dyr for å endre utsjånaden til
huda på andre måtar enn dei som er nemnde i bokstav
d.
Lova omfattar også alle forhold i samband med produksjon
av materiale og gjenstandar som er bestemte til å kome
i kontakt med eller kan ha innverknad på produkta, jf. § 4 bokstav
a.
Lova omfattar ikkje stoff, blandingar av stoff eller utstyr
som kjem inn under lov 4. desember 1992 nr. 132
om legemidler mv. eller lov 12. januar 1995 nr. 6
om medisinsk utstyr. Lova omfattar ikkje næringsmiddel
som kjem inn under lov 19. desember 2003 nr. 124
om matproduksjon og mattrygghet mv.
§ 3. Stadleg verkeområde
Lova gjeld for norsk land- og sjøterritorium,
norske luft- og sjøfartøy og innretningar på norsk
kontinentalsokkel.
Kongen kan gi forskrifter om bruken av lova på Svalbard,
på Jan Mayen, i bilanda, i norsk økonomisk sone
og på utanlandsregistrerte skip i rute på norske hamner.
Kongen kan fastsetje særlege reglar med omsyn til forholda
på staden.
§ 4. Definisjonar
I denne lova forstår ein med
a) produkt: kosmetikk og kroppspleieprodukt, kosmetikk
og kroppspleieprodukt for dyr, lækjemiddelnære
kroppspleieprodukt, tatoveringsprodukt og injeksjonsprodukt
b) verksemd: privat eller offentlege føretak eller privatpersonar
som utfører ein aktivitet som er nemnd i § 2
første ledd, bortsett frå aktivitet med privat
og ikkje-kommersielt formål
c) omsetning: innehav med sikte på sal, frambod
for sal, distribusjon, sjølve salet og alle andre former for
overdraging, med eller utan vederlag.
§ 5. Forbod mot produkt som ikkje
er helsemessig sikre
Det er forbode å utvikle, produsere, importere,
tilarbeide, distribuere, eksportere og omsetje produkt som ved normal
bruk eller bruk som det er rimeleg å tenkje seg, ikkje
er helsemessig sikre for menneske eller dyr.
Departementet kan gi nærmare forskrifter om når produkt
skal reknast som ikkje helsemessig sikre for menneske eller dyr.
§ 6. Godkjenningsplikt
Departementet kan gi forskrifter om godkjenningsplikt og
meldeplikt for bestemte typar produkt.
§ 7. Merking, presentasjon og reklame
Merking og presentasjon av, reklame for og anna marknadsføring
av produkt skal vere korrekt, gi mottakaren tilstrekkeleg informasjon
og ikkje vere eigna til å villeie.
Departementet kan gi nærmare forskrifter om plikta
etter første ledd, til dømes forskrifter om helsepåstandar
og frivillige ordningar for merking.
Departementet kan gi forskrifter om plikt til å dokumentere
dei påstandane som er brukte i marknadsføringa
av eit produkt, og om krav til denne typen dokumentasjon.
§ 8. Produksjon, innhald, samansetjing
og kvalitet
Departementet kan i forskrifter stille krav til produksjonen,
ingrediensane og det andre innhaldet i, samansetjinga av og kvaliteten
på produkt og materiale og gjenstandar som er bestemte
til å kome i kontakt med eller kan ha innverknad på produkt.
§ 9. Testing på dyr
Departementet kan gi forskrifter om forbod mot utvikling,
produksjon, import, tilarbeiding, eksport og omsetning av produkt
som er testa på dyr, eller som inneheld ein eller fleire
ingrediensar som er testa på dyr.
§ 10. Antibiotikaresistensgen
Departementet kan gi forskrifter om forbod mot produkt
som inneheld gen frå prosessert genmodifisert materiale
der gena kodar for antibiotikaresistens.
§ 11. Etablering, utforming og
drift
Plassering, utforming og drift av aktivitetar knytte til
produkt skal vere hygienisk forsvarleg.
Departementet kan i forskrifter stille utfyllande krav
til etablering, plassering, utforming og drift av aktivitetar i
verksemder med tilknyting til produkt, til dømes krav om
melding, registrering, godkjenning og bortfall av godkjenning, og
om helsa og hygienen til personalet.
§ 12. Etterlevingsplikt og systematiske
kontrolltiltak
Verksemda skal syte for at føresegner gitt i eller
i medhald av denne lova blir etterlevde. Departementet kan gi forskrifter
om kven som er ansvarleg i verksemda, og om plikt til å gi
melding om dette til tilsynsorganet.
Departementet kan gi forskrifter om plikt til å etablere
og gjennomføre systematiske kontrolltiltak.
Departementet kan gi forskrifter om den faglege kompetansen
til personalet.
§ 13. Tilgjenge til stad, bistandsplikt
m.m.
Verksemda skal gi tilsynet uhindra tilgjenge til stad eller
lokale der det går føre seg aktivitet omfatta av
lova, slik at tilsynet kan gjere nødvendige undersøkingar.
Utanlandske inspektørar kan vere med på inspeksjonar
osv. når det er nødvendig for å oppfylle
dei internasjonale pliktene Noreg har.
Verksemda skal vederlagsfritt stille nødvendige lokale,
inventar, arbeidshjelp og reiskapar til disposisjon for utøving
av tilsyn og elles yte hjelp og leggje til rette for tilsyn.
Departementet kan gi nærmare forskrifter om tilgjenge
til stad, bistandsplikt, prøveuttak osv.
§ 14. Varslings- og opplysningsplikt
Verksemda skal straks varsle tilsynsorganet ved mistanke
om produkt som ikkje er helsemessig sikre for menneske eller dyr.
Verksemda skal, når tilsynet krev det, vederlagsfritt
gi eller sende inn nødvendige opplysningar, prøvemateriale
og resultat av gjennomførte analysar. Tilsynsorganet kan
bestemme korleis opplysningane skal bli gitt, mellom anna når
det gjeld form, detaljeringsgrad osv.
Departementet kan gi nærmare forskrifter om opplysnings-
og rapporteringsplikt for helsepersonell og andre.
Departementet kan gi nærmare forskrifter om plikt
til å offentleggjere resultat av utført tilsyn.
§ 15. Dokumentasjon m.m.
Departementet kan gi forskrifter om dokumentasjon, til
dømes stille krav om utskriving av og plikt til å skaffe
og oppbevare dokumentasjon og plikt til å leggje ved attestar,
sertifikat eller annan dokumentasjon ved transport og omsetning.
§ 16. Tilsyn og vedtak
Tilsynsorganet fører tilsyn og kan gjere nødvendige
vedtak om å forby utvikling, produksjon, import, tilarbeiding,
distribusjon, eksport og omsetning av produkt, og om beslaglegging,
destruksjon og stenging av verksemda.
Tilsynsorganet kan påleggje den som er ansvarleg for
verksemda, å dekkje faktiske kostnader i samband med beslaglegging,
destruksjon og stenging av verksemda.
Dersom pålegga ikkje blir følgde, dersom
det er ukjent kven som er ansvarleg, eller dersom det er nødvendig å få gjennomført
tiltak raskt, kan tilsynet sjølv gjennomføre tiltak
som er nemnde i første ledd. Tiltak kan gjennomførast
på kostnad av den ansvarlege. Skuldige beløp er
tvangsgrunnlag for utlegg.
Tilsynsorganet kan, dersom viktige samfunnsinteresser tilseier
det, eller av omsyn til dei internasjonale pliktene Noreg har, fastsetje,
endre eller oppheve tidsavgrensa forskrifter utan føregåande
høyring og kunngjere forskrifter på særskild
måte.
Offentlege styresmakter pliktar på førespurnad
frå tilsynet å gi nødvendige opplysningar
utan hinder av teieplikta. Politi, tollverk, kystvakt og kommunar
skal på førespurnad yte hjelp til tilsynet.
Departementet bestemmer kva for eit forvaltningsorgan som
skal vere tilsynsorgan etter lova.
§ 17. Personregister
For å sikre at føresegner gitt i eller
i medhald av denne lova blir etterlevde, kan tilsynsorganet opprette personregister
med nødvendige opplysningar om verksemder det fører
tilsyn med.
For å sikre at føresegnene i denne lova
blir følgde, kan tilsynsorganet innhente informasjon til
register som nemnt i første ledd, også informasjon
frå eksisterande register.
Departementet kan gi forskrifter om nærmare reglar
for slike register, mellom anna krav til konfidensialitet og utlevering
av opplysningar.
§ 18. Avgift og gebyr
Departementet kan i forskrift påleggje verksemder å betale
gebyr for å dekkje kostnader ved tilsyn, kontroll og særskilde
ytingar, til dømes utskriving av attestar og godkjenningar
etter denne lova.
Departementet kan i forskrift påleggje verksemder å betale
ei avgift for å dekkje kostnader ved tilsyn og kontroll
etter denne lova som ikkje er dekte ved gebyr i medhald av første
ledd.
Departementet kan gi nærmare føresegner
om utrekning, innkrevjing og innbetaling av avgiftene og gebyra.
Ved forseinka betaling av gebyr skal det betalast rente
i samsvar med lov 17. desember 1976 nr. 100 om
renter ved forsinket betaling m.m.
Gebyr er tvangsgrunnlag for utlegg.
§ 19. Dispensasjon
Departementet kan i særlege tilfelle dispensere
frå føresegnene gitt i eller i medhald av denne
lova, under føresetnad av at det ikkje strir mot dei internasjonale pliktene
Noreg har.
§ 20. Tvangsmulkt
Ei verksemd som ikkje held fristen for oppfylling av pålegg
gitt i medhald av denne lova, kan påleggjast tvangsmulkt
av tilsynsorganet i form av eingongsmulkt eller løpande
dagmulkt.
Tvangsmulkt kan fastsetjast allereie i samband med at pålegget
blir gitt, når det er nødvendig at fristen blir
halden.
Pålegg om tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for utlegg.
Departementet kan gi nærmare føresegner
om fastsetjing og utrekning av tvangsmulkt.
§ 21. Straff
Forsettleg eller aktlaust brot på føresegner
eller vedtak gitt i eller i medhald av denne lova blir straffa med
bøter eller fengsel inntil eitt år eller begge
delar. Forsøk og medverknad blir straffa på same
måten.
§ 22. Iverksetjing og overgangsreglar
Denne lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
Lov 19. mai 1933 nr. 3 om tilsyn med
kosmetikk og kroppspleieprodukter mv. blir oppheva frå same tidspunkt.
Forskrifter eller enkeltvedtak gitt i medhald av den oppheva lova
gjeld til dei blir oppheva.
Berit Brørby |
Asmund Kristoffersen |
president |
sekretær |