År 2008 den 2. desember holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
For skatteåret 2009 skal eigedomsskatten på anlegg
som nemnd i skatteloven § 18-5 første leden reknast ut etter verdet
(taksten) som vert sett ved likninga året før skatteåret, med følgjande
korrigering:
Ved utskrivinga skal verdet endrast såleis
at rentesatsen etter skatteloven § 18-5 niande leden andre punktum
skal vere gjennomsnittet av renta på statskassevekslar med 12 månaders
gjenståande løpetid, rekna på grunnlag av inntektsåret og dei to
førre inntektsåra pluss 3 prosentpoeng, korrigert for gjennomsnittet
av årleg inflasjon for dei same tre inntektsåra, målt etter endringa
i den gjennomsnittlege konsumprisindeksen frå året før.
Renta etter den føregåande leden skal avrundast til næraste
tidels prosentpoeng. Gjennomsnittet av renta over tre år på statskassevekslar
med 12 månaders gjenståande løpetid og gjennomsnittet over tre år
av årleg inflasjon skal avrundast til næraste hundredels prosentpoeng.
Reglane under I tek til å gjelde straks, og får verknad for skatteåret
2009. Lova fell bort 1. januar 2010 med verknad frå og med skatteåret
2010.
Berit Brørby |
Asmund Kristoffersen |
president |
sekretær |