Til Stortinget
Havressurslova slår fast at dei marine ressursane – og det tilhøyrande
genetiske materialet – høyrer fellesskapet til, jf. §§ 1 og 2:
§ 1. Formål
Formålet med lova er å sikre ei berekraftig og samfunnsøkonomisk
lønsam forvaltning av dei viltlevande marine ressursane og det tilhøyrande
genetiske materialet og å medverke til å sikre sysselsetjing og
busetjing i kystsamfunna.
§ 2. Retten til ressursane
Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg.
Havressurslova gjeld all hausting og anna utnytting av viltlevande
marine ressursar og tilhøyrande genetisk materiale. Borgarane har
eit historisk ansvar og plikt til å verne om fellesskapet sine ressursar, ikkje
minst på vegner av kommande generasjonar. Dette bygger på prinsipp
som finst i norsk lov, sedvane og tradisjon. Denne retten har likevel
vorte vatna ut gjennom reguleringar i ulike lover.
Hausting av dei viltlevande marine ressursane skjer ved at fellesskapet
gir private ein mellombels rett til å hauste av fellesskapet sine
ressursar. Prinsippet om at dei viltlevande ressursane høyrer fellesskapet
i Noreg til, er sett under press ved at det er skapt ein marknad
for kjøp og sal av kvoter. Eigedomsretten til dei marine ressursane
ligg likevel hjå fellesskapet, og ein må ikkje kome i ein situasjon
der fellesskapet mistar kontrollen med desse ressursane. Det at
dei marine ressursane høyrer fellesskapet til, er så viktig for
Noreg at det må ha vern i Grunnlova.
I Ot.prp. nr. 20 (2007–2008), forarbeida til havressurslova,
vert det vist til at eigedomsretten til naturressursane vert løyst
på forskjellige måtar i ulik ressurslovgiving, og til dels også
ved ulovfesta reglar.
Følgjande går fram av Ot.prp. nr. 20 (2007–2008):
«For enkelte ressursar er det slik at eigedomsrett først
vert etablert ved uttak av ressursen, slik som for fisk. Dette gjeld
til dømes for vilt, der viltlova av 29. mai 1981 nr. 38 byggjer
på at viltet i naturleg og fri tilstand ikkje står under nokon sitt
rådvelde eller eige. Viltet er altså korkje staten eller grunneigar
sin eigedom, men grunneigar har i dei fleste tilfelle fått eineretten
til jakt, innanfor offentleg regulering fastsett i eller med heimel
i lov.
For enkelte ressursar er det også ulike reglar avhengig av eigenskapar
ved ressursen. Dette gjeld for mineralar i berggrunnen, der skiljet
mellom mutbare og ikkje-mutbare mineral har lange tradisjonar i
lovgjevinga. Dei mutbare minerala (som har eigenvekt på 5 eller
høgare) tilhøyrer staten sjølv om grunnen tilhøyrer private. Grunneigar
er derimot eigar av dei ikkje-mutbare minerala på og under sin eigedom.
Eigedomsretten til ressursar som kjem inn under kontinentalsokkellova
av 21. juni 1963 nr 12 er regulert i § 2 første ledd i denne lova,
der det heiter at «(r)etten til undersjøiske naturforekomster tilligger staten».
Det tyder at mellom anna tang og tare, som tradisjonelt har vore
hausta, tilhøyrer staten. Slike ressursar kan difor berre haustast
i den grad staten har gjeve løyve til det, gjennom forskrifter eller
særskilt løyve, med atterhald for det som følgjer av privat eigedomsrett
for strandeigaren. Ved innføringa av ei eiga petroleumslov ved lov
29. november 1996, fekk denne ein paragraf som slår fast at staten
har «eiendomsrett til undersjøiske petroleumsforekomster og eksklusiv
rett til ressursforvaltning».»
Havressurslova har likevel ikkje ein regel om at staten eig
fisken i havet og dei marine, viltlevande ressursane. Formuleringa
som blei vald, støtta seg i staden på den historiske tradisjonen
om at folket og fellesskapet har eigarskapet.
Havressurslova § 2 slår som nemnd fast følgjande prinsipp
«Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg.»
Med dette vert lovens klare formål nedfelt i §1:
«Formålet med lova er å sikre ei berekraftig og samfunnsøkonomisk
lønsam forvaltning av dei viltlevande marine ressursane og det tilhøyrande
genetiske materialet og å medverke til å sikre sysselsetjing og
busetjing i kystsamfunna.»
I Ot.prp. nr. 20 (2007–2008) vert valet av eit eigarskap i fellesskap,
i staden for at staten eig ressursane, forklart slik:
«Føresegna etablerer ikkje statleg eigedomsrett til ressursane
i juridisk forstand, men uttrykkjer fellesskapet sin rett til ressursane
i motsetnad til ein privateigd ressurs.
Dette fellesskapet vert utgjort både av det samiske folket, det
norske folket og alle andre innbyggjarar i Noreg. Fellesskapet sin
rett til ressursane er ikkje noko nytt og har lege til grunn som
ein grunnleggjande premiss for fiskeripolitikken over lengre tid.»
Dette framlegget handlar om å grunnlovfeste prinsippa i havressurslova
§ 1 og § 2. Prinsippa er ein del av norsk lov, sedvane og kultur.
Ved å ta dette inn i Grunnlova vert det slått fast viktige samfunnsverdiar,
og etablert ein særlig juridisk stabilitet og vern mot skiftande
politiske interesser. Gjennom ei grunnlovfesting av fellesskapet
sitt eigarskap til dei viltlevande marine ressursane vil forslagsstillarane
gjere norsk lov, sedvane og tradisjon til ein del av Grunnlova,
slik Stortinget har valt å gjere med andre heilt sentrale prinsipp.
Dagens lovverk slår fast at det skal bli tatt særleg omsyn til
samiske interesser i forvaltninga av marine ressursar, og at alle
som bur i dei sjøsamiske områda har ein lovfesta rett til fiske.
For sjøsamane er det viktig å ha tryggleik for at vedkjenninga av
deira rett til å fiske ligg fast uavhengig av skiftande regjeringar.
Når det vert foreslått å grunnlovfeste fellesskapet sitt eigarskap
til fiskeressursane, er det også for å verne og understreke sjøsamane
sin rett til fiske.
Forslagsstillarane vil òg gjere merksame på at mykje av grunngjevinga
for at Noreg har ei såpass stor økonomisk sone, nettopp bygger på
at det har vore hausta av fellesskapet sine ressursar i fleire tusen
år. Ei privatisering av desse ressursane vil følgjeleg svekke argumenta
for at dei framleis skal vere under norsk kontroll. Grunnlovsforslaget
kjem difor i møte med viktige territoriale interesser.
Ei grunnlovfesting av fellesskapet sitt eigarskap vil innebere
at alle lov- og forvaltningsvedtak må ta tilbørleg omsyn til grunnlovsføresegna
og ligge innanfor dei rettslege grensene den set. Ei grunnlovsføresegn
vil få konsekvensar. For det første vil det avgrense kva Stortinget
kan bestemme i lov, og kva regjeringa kan bestemme i forskrift.
For det andre vil ein ny grunnlovsføresegn sete grenser for, eller
legge føringar på, innhaldet i framtidige forvaltningsvedtak etter
havressurslova, deltakarlova og andre relevante lover, samt forskrifter
knytt til desse.
Formålet med grunnlovsforslaget er å hindre privatisering av
fiskeressursane og sikre at dei høyrer fellesskapet til og kjem
kystsamfunna til gode. For eksempel vil i utgangspunktet ikkje ei
kvoteordning for fiskerettigheiter vere grunnlovsstridig, men det må
setjast klare grenser for å hindre at ordninga i realiteten privatiserer
tilgangen til å hauste av havet sine ressursar.
På denne bakgrunn vert det fremja følgjande
framlegg:
Alternativ 1:
Ny § 112 a skal lyde:
Dei viltlevande marine ressursane og det tilhøyrande genetiske
materialet er eigd av det nasjonale fellesskapet.
–
De viltlevende marine ressursene og det tilhørende genetiske
materialet eies av det nasjonale fellesskapet.
Alternativ 2:
Ny § 111 skal lyde:
[Som alternativ 1]
Alternativ 3:
Ny § 111 a skal lyde:
[Som alternativ 1]
Ingrid Heggø | Helga Pedersen | Martin Kolberg |
Knut Storberget | Pål Farstad | Geir Pollestad |
Jette F. Christensen | Abid Q. Raja | Line Henriette Hjemdal |
| Martin Henriksen | |
Referert i Stortingets møte 30. september 2016.
«Forslaget blir under presidentens ansvar å bekjentgjøre ved
trykken for å komme til avgjørelse på første, annet eller tredje
storting etter neste valg.»
Olemic Thommessen |
president |
30. september 2016