Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Sigvald Oppebøen Hansen, Reidar Sandal, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen
og Signe Øye, frå Høgre, Peter Gitmark, Hans
Kristian Hogsnes og Kari Lise Holmberg, frå Framstegspartiet,
Thorbjørn Andersen og Per Sandberg, frå Sosialistisk
Venstreparti, Karin Andersen og Heikki Holmås, frå Kristeleg
Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og Ivar Østberg,
og frå Senterpartiet, leiaren Magnhild Meltveit Kleppa,
fremjar i denne innstillinga forslag om løyvingar på statsbudsjettet
for 2003 under dei kapittel og postar som er fordelte til komiteen
under rammeområda 6 og 7. Komiteen viser
til ansvarsområdet sitt, Kommunal forvaltning, og handsaminga
av den årlege kommuneproposisjonen, og har på bakgrunn
av dette funne det føremålstenleg også å ta
med merknader om kommuneøkonomien i eit eige kapittel.
Når det gjeld løyvingane til rammetilskot til
kommunesektoren, viser komiteen til rammeområde
19 i Budsjett-innst. S. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2002-2003).
Komiteen vil gjere merksam på at
ein fraksjon med halvparten av medlemene i komiteen (7 av 14), vil utgjere
eit fleirtal dersom leiaren er med i vedkomande fraksjon.