2. Grensa for revisjonsplikt

       Kva revisjonsplikta femnar om vert definert i § 1 i revisjonslova. Paragrafen definerer fritak i fyrste rekkje for personleg næringsdrivande, som kan fritakast frå revisjonsplikt dersom driftsinntektene av den samla inntekta ikkje overstig 2 mill. kroner.

       Finansdepartementet gjer no framlegg om at ansvarlege selskap med opp til fem deltakarar bør jamstellast med personleg næringsdrivande når det gjeld fritaket frå revisjonsplikt.

       Somme av høyringsinstansane har argumentert mot framlegget, men departementet slår fast at det ikkje er samd i at selskapslova eller førearbeida til ho kan takast til inntekt for at det skal vere ei ufråvikeleg revisjonsplikt for ansvarlege selskap.

       For ei nærare utgreiing om Rekneskapslovutvalet sitt framlegg og om synet til høyringsinstansane, viser ein til proposisjonen.

       Når det gjeld kommandittselskap, vert det opplyst at kommandittselskapa i mange høve er organiserte slik at komplementaren er eit aksjeselskap. I eit slikt høve føreligg det i røynda eit avgrensa ansvar andsynes tredjemann. Departementet viser til at ein slik selskapskonstruksjon er omfatta av 4. selskapsdirektiv etter EØS-avtalen, og etter artikkel 51 i dette direktivet skal selskap som høyrer inn under direktivet, ha revisjonsplikt. Det er difor i utkastet til lov gjort unntak for kommandittselskap der komplementaren har avgrensa ansvar frå fritaket frå revisjonsplikt.