1. Innledning

       Til Odelstinget.

       Kommunal- og arbeidsdepartementet legg i proposisjonen fram utkast til lovendringar som vil gje Statens Innkrevingssentral namsmyndigheit til å tvangsinndriva uteståande krav.

       Frå 1. januar 1994 er innkrevjinga av avgifter etter lov om brannfarlege varer samt væsker og gassar under trykk, lov om eksplosive varer og lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr, overført frå Direktoratet for brann og eksplosjonsvern og Elektrisitetstilsynet til Statens Innkrevingssentral. Tvangsinndrivinga av krava har skjedd gjennom dei alminnelege namsmyndigheitene.

       Proposisjonen viser til at lovendringane vil gjere at ein får ei effektiv og rasjonell fullføring av uteståande krav vedrørande dei aktuelle avgiftene, som er svært like innkrevjingsmessig sett.

       Departementet gjer framlegg om at Statens Innkrevingssentral blir gjeven namsmyndigheit til å ta utlegg ved trekk i løn m.v. og til å ta utleggspant i enkelte tilfelle, på same måte som gjeld for innkrevjing av forsikringsgebyr og tvangsmulkt etter aksjeselskapslova og statistikklova.

       Kostnadene ved innkrevjing av avgiftene under Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern og Elektrisitetstilsynet er innarbeidd i det budsjettet som er vedteke for Statens Innkrevingssentral for 1994. I proposisjonen gjerast det kort greie for dei gevinstane som den foreslåtte overføringa vil føra med seg. Lovforslaga i proposisjonen er ei lovteknisk tilrettelegging som ei naturleg forlenging av overføringar som allerede er foretatt, og fører ikkje med seg at nye saksområde vert overført til Statens Innkrevingssentral.