Innstilling frå finanskomiteen om endringar i skattelovgjevinga.

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 71 (1993-1994)
  • Kjeldedokument: Ot.prp. nr. 65 (1993-94)
  • Dato: 09.06.1994
  • Utgjevar: finanskomiteen

1. Tilpassing av regelverket for å auke bruken av forenkla sjølvmelding

1.1 Innleiing

       Etter gjeldande regelverk kan om lag 40 % av personlege skattytarar nytte ordninga med forenkla sjølvmelding. Ein vesentleg del av dei skattytarane som i dag ikkje fyller vilkåra for slik bruk, er omfatta av relativt få særlege skattereglar og postar i sjølvmeldinga. Det er ønskeleg at desse og kan få høve til å nytte forenkla sjølvmelding. Departementet gjer difor framlegg om tilpassing av regelverket på tre hovudområde for å auke bruken av forenkla sjølvmelding. Desse tre hovudområda er reglane om:

- frådrag for tilskott til forsking og vitskapeleg opplæring,
- foreldrefrådrag,
- skattlegging av eigarseksjonar i bustadhus.

       Departementet sitt framlegg fører ikkje til endringar i vilkåra for frådragsretten eller omfanget av skatteplikta elles. Bruk av forenkla sjølvmelding gjer det naudsynt med innsending av likningsopplysningar frå tredjemenn. Endringane er i hovudsak berre knytte til ei utviding av oppgåveplikta for dei aktuelle tredjemennene.

       Departementet vil la Skattedirektoratet syte for at det vert utarbeidd retningsliner og informasjon til dei aktuelle tredjemennene om korleis dei skal stelle seg til nye reglar om rapporteringsplikt m.v.

Komiteen sine merknader

       Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen, Erik Dalheim, Laila Kaland, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun, Bjørnar Olsen og Reidar Sandal, fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, Per Olaf Lundteigen og Gudmund Restad, fra Høyre, Harald Ellefsen, Per-Kristian Foss og Erna Solberg, fra Kristelig Folkeparti, Odd Holten og Einar Steensnæs, fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Eilef A. Meland, fra Venstre, Lars Sponheim, fra Rød Valgallianse, Erling Folkvord, og representanten Stephen Bråthen, er enig med departementet i at det er ønskelig at flere skattytere kan benytte seg av forenklet selvangivelse. Endringer i regelverket for å trekke inn flere områder i forenklet selvangivelse må likevel veies opp mot de kostnader det påfører de institusjoner og grupper som blir pålagt opplysningsplikt.

       Komiteen vil peke på at forenklet selvangivelse krever at de tredjemenn som får utvidet opplysningsplikt, kan stille opplysningene til disposisjon for ligningsmyndighetene i maskinlesbar form. Innenfor de tre hovedområdene som Regjeringen i proposisjonen foreslår å pålegge utvidet opplysningsplikt, finner institusjoner og enheter av svært ulik størrelse og organisasjonsform. For enkelte vil innføringen av opplysningsplikt ikke bety særlige merutgifter i form av økonomiske kostnader eller arbeidsinnsats, for andre vil en slik innføring bety at man må legge inn helt nye arbeidsrutiner, investere i maskinutstyr eller leie inn hjelp til dette arbeidet.

       Komiteen viser til at det aktuelle merarbeid dette kan føre med seg for de aktuelle tredjemenn, må vurderes opp mot det at skattyteren blir fritatt for å gi en rekke opplysninger til likningsmyndighetene. Komiteen peker videre på at økt bruk av forenklet selvangivelse vil frigjøre ressurser på likningskontorene som kan benyttes til annet kontrollarbeid.

       Komiteen mener myndighetene må være varsomme med å pålegge plikter som medfører slike kostnader og omorganiseringer kun basert på ønske om å effektivisere det offentliges behandling av opplysningene.

       Komiteen forutsetter derfor at man ved utvidelse av opplysningsplikten fastsetter dispensasjonsadganger slik at man ikke påfører tredjemann unødige kostnader eller krav om omorganisering av dagens rutiner.

1.2 Tilskott til forsking og vitskapeleg opplæring

       Etter skattelova § 44 femte leden kan skattytarar krevje frådrag ved fastsettinga av inntekta for tilskott/gåver til institutt som under medverknad av staten driv med vitskapeleg forsking eller yrkesopplæring av verdi for skattytaren i næringsverksemda hans. Alle skattytarar som har skattbar inntekt kan krevje frådrag. Dersom tilskottet utgjer meir enn 10.000 kroner, kan det ikkje overstige 10 % av inntekta til gjevaren i det året tilskottet vert gjeve.

       Fylkesskattekontora godkjenner kva for institusjonar som kjem inn under ordninga. Det er utarbeidd eigne oversikter over dei institusjonane som oppfyller vilkåra. I 1993 var det frådragsrett for tilskott til 47 slike institusjonar.

       I dag er ikkje desse godkjende institusjonane pålagt særskilt oppgåveplikt til likningsstyresmaktene over mottekne bidrag. Dette er grunnen til at skattytarar som krev frådrag for tilskott til dei aktuelle organisasjonane, ikkje kan nytte forenkla sjølvmelding, sjølv om vilkåra elles er til stades.

       For at frådragsretten for tilskott til forsking skal kome inn under ordninga med forenkla sjølvmelding, må betalingar frå gjevarar legitimerast av den institusjonen som tek imot tilskottet ved at institusjonen melder frå om summen til likningsstyresmaktene.

       I praksis byggjer ordninga med forenkla sjølvmelding på at rapporteringa skjer i maskinleseleg form.

       Rapporteringsplikta vil gjelde institusjonar som har administrativ førehandsgodkjenning. Departementet legg til grunn at ein kan føre vidare den nogjeldande godkjenningsordninga.

       Departementet gjer framlegg om at endringane vert gjennomførde straks.

Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til sine generelle merknader under pkt. 1.1. Komiteen vil anta at de fleste forsknings- og opplæringsinstitusjoner som er av denne type, har et etablert administrativt apparat og regnskapsopplegg som kan håndtere en opplysningsplikt over de tilskudd de mottar. Komiteen vil derfor slutte seg til forslaget om å pålegge disse institusjonene oppgaveplikt til ligningsmyndighetene over mottatte bidrag.

       Komiteen vil vise til at departementet vil vurdere unntak for de minste institusjonene når det gjelder kravet om at rapporteringen skal skje i maskinleselig form. Komiteen vil understreke at det for de minste institusjonene må være mulig å gi disse dispensasjon fra hele rapporteringsplikten, hvis slik innrapportering vil medføre et for stort merarbeid. Komiteen forutsetter at dette innarbeides i de retningslinjer regjeringen vil utforme.

1.3 Foreldrefrådrag

       Etter skattelova § 44 sjette leden kan ektefeller som forsørgjer born under 12 år i inntektsåret, på nærare vilkår krevje frådrag for utgifter til pass og stell av born (foreldrefrådrag). Begge foreldra må ha inntekt av arbeid, eller av andre årsaker på nærare vilkår ikkje kunne stå for dagleg pass og stell av borna. Foreldra får frådrag etter standardiserte satsar utan nærare krav til dokumentasjon, eller med høgare maksimumssum for dei dokumenterte utgiftene. Maksimalt frådrag for legitimerte utgifter til pass og stell av born er 17.900 kroner for eitt barn og 21.500 kroner for to eller fleire born. Frådrag kan og gjevast for dokumenterte utgifter til pass og stell av eldre born som har særskilt behov for omsut og pleie på grunn av funksjonshemming eller liknande. Etter skattelova § 44 sjuande leden kan foreldrefrådrag krevjast på same vis av einsleg forsørgjer i inntekt av arbeid.

       Personar eller institusjonar som tek imot betaling for pass og stell av born, er ikkje pålagde å levere eigne likningsoppgåver over beløpa. Foreldre som krev frådrag for legitimerte utgifter til pass og stell av born, kan difor ikkje nytte forenkla sjølvmelding.

       Departementet gjer framlegg om endringar i reglane om oppgåveplikt for institusjonar som tek imot betaling frå foreldre for pass og stell av born. Framlegget fører til at dei foreldra som krev frådrag for legitimerte utgifter, kan nytte forenkla sjølvmelding soframt institusjonen som har teke imot betalinga, har levert dei naudsynte likningsoppgåvene.

       Departementet gjer framlegg om at endringane vert gjennomførde straks.

Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til sine generelle merknader under pkt. 1.1.

       Komiteen vil vise til at institusjoner som tilbyr pass og stell av barn, er organisert på svært ulike måter. Eierforholdene er ulike, størrelsen på barnehagene er ulike og innkrevingsrutiner for foreldrebetaling er organisert ulikt. Det siste punktet gjelder også for barnehager eid av kommuner.

       Komiteen viser til at departementet i proposisjonen uttaler at det ikke er mulig å kreve at alle slike institusjoner skal levere oppgaver i maskinleselig form.

       Komiteen er enig i dette, og mener at det ikke automatisk bør kreves at institusjoner som er eid av kommuner som ikke har valgt å sentralisere foreldrebetaling å bruke EDB som hjelpemiddel i denne innkrevingen. Det bør etter komiteens mening også på dette punkt være en dispensasjonsadgang som ivaretar disse hensyn.

1.4 Skattlegging av eigarseksjonar i bustadhus

1.4.1 Gjeldande rett

       Etter skattelova § 42 niande leden skal det reknast prosentinntekt av eigedom som eigaren for ein vesentleg del nyttar til eigen bustad. Eigarseksjonar er i denne samanhengen stilt likt med andre former for eigedomar som vert nytta av eigaren til eigen bustad. Nærare reglar om vilkåra for og framgangsmåten ved prosentlikning er gjevne i skattelova § 42 b med føresegner.

       Grunnlaget for prosenttilknytning i eigarseksjonstilhøva er i utgangspunktet den einskilde seksjon sin likningsverdi, inklusive part av eigartomt, garasjar og buer med vidare til sams bruk, med botnfrådrag på 35.000 kroner. I tillegg skal kvar sameigar liknast direkte for sin del av dei faktiske inntektene og utgiftene som ikkje vert omfatta av prosentlikninga. Det vil seie for sams inntekter som ein må svare skatt av og sams utgifter som ein får frådrag for når desse inntektene vil vere ein skattepliktig kapitalinntekt etter skattelova § 42 første leden. Den einskilde sameigaren sin del av sams inntekter og utgifter fordelast ut ifrå sameigebrøken om ikkje anna er avtala. Det gjeld og i likningsmessig samanheng.

       Formueslikninga skjer og ut frå likningsverdien til kvar einskild seksjon, inklusive part av felles areal utanom eigarseksjonen. I tillegg vert den einskilde sameigar skattlagd for sin part av eventuelle sams bankinnskudd eller andre formuespostar utanom bustadkomplekset. Tilsvarande kjem part av sams gjeldspostar til frådrag.

       Likninga av sameigarane finn stad på bakgrunn av opplysningane den einskilde sameigar gjev i sjølvmeldinga si. Styret er ikkje pålagt å levere oppgåvene til likningsstyresmaktene utan at likningsstyresmaktene krev det. Sameigarane kan difor ikkje nytte forenkla sjølvmelding.

1.4.3 Departementet sine vurderingar og framlegg

       Departementet gjer framlegg om reglar om oppgåveplikt frå tredjemann som gjer det mogeleg å nytte forenkla sjølvmelding i eigarseksjonstilhøve. I eit bustadsameige er det i utgangspunktet styret i sameiget som forvaltar dei sams utgiftene og inntektene. Det er difor naturleg å leggje oppgåveplikta til dette organet. Ein syner til utkast til endring i skattelova § 42 b nr. 9 som gjev departementet fullmakt til å fastsetje reglar om levering av likningsoppgåver frå bustadsameige.

       Bruk av forenkla sjølvmelding gjer at det i praksis er naudsynt at tredjemann kan levere oppgåvene direkte på eit maskinleselegt medium. Departementet gjer difor framlegg om at likningslova § 6-16 bokstav c får eit tillegg om at ein i føresegner kan fastsetje at likningsoppgåver frå bustadsameige etter skattelova § 42 b nr. 9 skal overførast i maskinleseleg form. Ein føresetnad for rapportering i maskinleseleg form er at styrene i bustadsameiga disponerer naudsynt datautstyr for innlesing av opplysningane i maskinleseleg form. Ein naturleg grense for sameige med naudsynt datautstyr kan vere sameige med åtte eller færre seksjonar. Departementet legg til grunn at ein i føresegner gjev nærare reglar om avgrensing av oppgåveplikta i maskinleseleg form med heimel i likningslova § 6-16 bokstav c. For sameigarar i bustadsameige som ikkje leverer likningsoppgåver i maskinleseleg form, vil det ikkje vere aktuelt å nytte forenkla sjølvmelding. Departementet legg til grunn at ein gjev nærare reglar om styret sin plikt til å opplyse sameigarane om høvet til å nytte forenkla sjølvmelding i sameiget.

       Forutan regler om effektivisering av rapporteringsordninga i bustadsameige, er det ynskjeleg med ei klårare og meir samla regulering av skattlegginga av eigarseksjonar. Dei gjeldande reglane om skattlegginga i slike høve byggjer dels på tolking av spreidde reglar i skattelova, og dels på alminnelege prinsipp for skattlegging i sameigetilhøve. Departementet viser til at det er viktig at skattegrunnlaga kjem fram på ein påliteleg måte for alle former for bustadfellesskap som har eit styre som forvaltar sams inntekter og utgifter. Det er grunn til å tru at manglande særreglar om skattlegging av eigarseksjonar til ein viss grad har ført til skattepliktige fellesinntekter ikkje er gjevne opp til skattlegging, og at det ikkje er kravd frådrag for felles renteutgifter m.v.

       Departementet syner til utkast til ny fullmaktsheimel i skattelova § 42 b nr. 9. Etterutkastet kan departementet gje nærare reglar om gjennomføringa av likninga i bustadsameige, forutan reglar om likningsoppgåver til likningsstyresmaktene.

       Departementet legg til grunn at det ut frå denne fullmaktsheimelen vert gjeven ei samla regulering av inntektsskattlegginga av eigarseksjonar, med nærare reglar om direkte likning av sams inntekter og utgifter som ikkje vert omfatta av prosentinntekta.

       Departementet gjer framlegg om at endringane vert gjennomførde straks.

Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til sine generelle merknader under pkt. 1.1. Komiteen mener det kan medføre et stort merarbeide for sameiets styre eller et behov for å leie hjelp hvis man pålegger alle sameier en slik plikt. Komiteen er enig i at det her vil være forskjell på store og små sameier og mener dette må tas hensyn til i det regelverk som utarbeides. Komiteen viser til at departementet mener det kan være naturlig å unnta sameier med 8 eller færre boenheter, bl.a. fordi disse etter lov om sameier ikke er forpliktet til å ha et styre. Komiteen mener at dispensasjonsadgangen bør være noe utvidet i forhold til dette, slik at man også tar hensyn til andre mindre sameier hvor alle i sameiet er enige om at man ikke ønsker å nytte forenklet selvangivelse. Komiteen forutsetter at dette innarbeides i regelverket.

Skattlegging av eierseksjoner

       Komiteen viser videre til at departementet i proposisjonen ønsker å innføre en fullmaktsbestemmelse for å gi klarere og mer samlet regulering av skattlegging av eierseksjoner. Komiteen er enig i at det kan være en fordel også for skattytere å få en samlet fremstilling av skattlegging av eierseksjoner. Dette er også viktig for å få en lik praksis mellom de ulike ligningskontor. Komiteen viser til at departementet i brev til komiteen av 30. mai 1994 opplyser at en slik forskrift ikke vil medføre realitetsendringer i forhold til dagens regler, men at man i tillegg til prosentligning av eierseksjonen også skal få frem at sameiere lignes direkte for sin andel av det boligsameiet har av felles inntekter/utgifter og formue/gjeld. Med bakgrunn i denne presiseringen fra departementet vil komiteen slutte seg til departementets forslag.

2. Forenkla sjølvmelding - likninga leggjast ut ei veke seinare i 1994 enn i 1993

       Departementet har forståing for at Skattedirektoratet og likningskontora kan trenge noko meir tid på arbeidet med skatteoppgjeret for dei som leverer forenkla sjølvmelding.

       Departementet foreslo i St.meld. nr. 35 (1986-1987) s 148-148, at fristen til å varsle om feil eller manglar i likningsutkastet skulle vere to veker. Stortinget fant at ein frist på to veker var noko kort og sette fristen til tre veker. Departementet har difor ikkje funne grunn til å gjere framlegg om å redusere fristen for å varsle om feil eller manglar i likningsutkastet.

       I brev av 13. januar 1994 skreiv departementet følgjande til Skattedirektoratet:

       « For inntektsåret 1993 antar departementet at en bør lempe på fremdriftsplanen ved å forskyve datoen for å legge ut ligningen med en uke. Departementet tar sikte på å orientere Stortinget om dette synspunkt på en egnet måte. Det videre opplegg vil måtte vurderes i lys av Stortingets eventuelle merknader og av erfaringene med en forskjøvet framleggelse. »

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til departementets vurdering.

3. Differansesaldo ved gåve av andel i deltakarlikna selskap

       Forskrift av 8. januar 1993 gjev overgangsreglar for deltakarar i ansvarlege selskap, kommandittselskap m.v. Forskrifta er fastsett av departementet med heimel i lov om særreglar for beskatning av selskap og selskapsdeltakarar § 9-3 nr. 3.

       I Ot.prp. nr. 17 (1992-1993) side 17 sa departementet følgjande:

       « Dersom en andel skifter eier ved arv eller gave, vil arvingen overta arvelaterens andeler av selskapets skattemessige verdier. I denne forbindelse vil det altså være kontinuitet. Ved annen realisasjon av andel skal differansesaldi etter departementets forslag føres som over- eller underpris ved gevinstoppgjør på avhenderens hånd, jf. ovenfor under dette avsnitt. Slikt gevinstoppgjør skal imidlertid ikke foretas på en arvelaters hånd. Departementet antar at en konsekvens av dette må bli at differansesaldi faller bort når andelen skifter eier ved arv eller gave. »

       Departementet har kome til at differansesaldo berre bør falle bort ved arv, og ikkje ved gåve. Ved gåve bør det bli eit skattemessig oppgjer av differansesaldoen på gjevaren si hand.

       Ved overgangen til netto deltakarlikning frå 1992 blei andelseigarane sine individuelle avskrivningsgrunnlag m.v. i selskapet pr. 31. desember 1991 summerte og overtekne samla som selskapet sitt avskrivningsgrunnlag m.v. pr. 1. januar 1992. På grunn av ulike, individuelle avskrivingar m.v. kunne kvar andel i selskapet sitt samla avskrivingsgrunnlag - lik eigarandelen i selskapet - bli høgare eller lågare enn det individuelle avskrivningsgrunnlag som kvar eigar gav frå seg til selskapet. Desse differansane gjekk difor inn på differansesaldo. Positiv differansesaldo skal inntektsførast etter nærare reglar, av di andelen i selskapet sitt avskrivingsgrunnlag er blitt høgare enn det tidlegare, individuelle avskrivingsgrunnlaget. Føremålet med saldoføringa er å jamne ut verknadene av at nokre andelseigarar gjev frå seg meir, og andre mindre, i individuelle avskrivingsgrunnlag enn det dei får att gjennom andelen i selskapet sitt grunnlag.

       Når ein selskapsandel skifter eigar, blir avskrivingsgrunnlaget i selskapet ikkje påverka av det. Differansesaldo er ein skatteposisjon som ikkje kan fylgje med til ny eigar av andelen. I staden må saldoen gå inn i gevinst- eller tapsoppgjeret for den gamle eigaren, når det er grunnlag for slikt oppgjer. Slikt oppgjer er bestemt ved bl.a. sal av andelen.

       Ved arv blir det ikkje noe gevinst- eller tapsoppgjer for avlidne sine eignelottar. Avlidne sin skatteposisjon i form av differansesaldo må berre falle bort. Dette gjeld både når posisjonen er positiv og når den er negativ. Som skattemessig arv kan ein som nemnt etter praksis og rekne fullt, skifteliknande boppgjer for ein svakeleg person før han døyr.

       Heller ikkje ved gåve er det eit ålment gevinst- eller tapsoppgjer hos gjevaren. Likevel er det uheldig å la skatteposisjonen hans i form av differansesaldo falle bort. Særleg gjeld dette når saldoen er positiv, det vil seie at det kviler eit framtidig skatteansvar på gjevaren. Dersom dette skatteansvaret fell bort berre av di eigaren gjev bort selskapsandelen, blir det ein kunstig stimulans til å gje slike gåver innan familien for å spare skatt. Ein har alt sett døme på dette i høve til dei gjeldande reglane. Slik skattelette er ikkje rimeleg.

       Når saldoen er negativ, det vil seie at eigaren har eit framtidig frådrag til gode, vil bortfall ved gåve ha andre uheldige sider. Dels vil då slik gåve ikkje bli gjeve før heile frådraget er brukt opp av gjevaren. Dette gjeld dei som kjenner reglane. Dels vil gåva bli gjeve utan kunnskap om bortfallet av saldoen, og burtfallet blir ei seinare, negativ overrasking.

       Departementet tek sikte på å endre forskrifta slik at differansesaldo ikkje fell bort i gåvesituasjonane. Når det ikkje blir noko vanleg gevinst- eller tapsoppgjer hos gjevaren, bør differansesaldo kome til inntekt eller frådrag hos gjevaren gjennom føring på vanleg gevinst- og tapskonto. Inntekts- eller frådragsføring vil då normalt kome gradvis, og ikkje brått på eitt år på grunn av gåva. Endringa vil bli gjort gjeldande frå og med inntektsåret 1994.

Komiteen sine merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Høyre, Venstre og representanten Bråthen, viser til at inntekts- eller utgiftsføring av differansesaldoer er et skattemessig oppgjør for deltakere i ansvarlige selskaper og kommandittselskaper m.v. som hadde foretatt ulike avskrivninger ved overgangen fra brutto- til nettoligning. Dagens regler innebærer at overtakelse av disse andelene gjennom arv eller gave ikke innebærer noe skattemessig oppgjør.

       Når en andel gis bort ved gave er det derfor etter flertallets syn ikke rimelig at det ikke skjer noe skattemessig oppgjør av denne differansen enten det er gevinst eller tap. Et slikt system er i strid med intensjonene med overgangsreglene. Komiteen er gjort kjent med at dagens regler åpner for utilsiktet tilpasning gjennom at andeler med tilhørende differansesaldo gis som gave. Det er etter flertallets syn viktig å etablere et skattesystem som så langt som mulig reduserer mulighetene for slike skattemotiverte disposisjoner, og som kan være særlig aktuelle for de skattytere som oppnådde størst fradrag gjennom kommandittselskapsordningen m.v. Dagens ordning åpner for uheldige skattemotiverte tilpasninger særlig for de skattytere som også under det tidligere skattesystem foretok tilpasninger som ga størst mulig fradrag for andelen ved skatteberegningen. Disse skattyterne avskrev mye på sin andel av driftsmidlet og fikk et høyt avskrivningsgrunnlag etter reformen. Regelen om differansesaldo fjernet muligheten for disse til delvis å avskrive driftsmidlet to ganger. Når skatteplikten på disse saldoene bortfaller ved gave, åpner dette store muligheter for tilpasning som er dårlig begrunnet og lite akseptabel. En opprydding i dette er ikke minst viktig for å opprettholde lojalitet til skattesystemet. Flertallet mener derfor at det ikke er urimelig at endringen får virkning for inntektsåret 1994.

       Ved en negativ saldo har eieren et framtidig fradrag til gode. Flertallet mener at bortfall av dette fradrag ved gave vil kunne ha negative konsekvenser. Dels gjennom at gave ikke blir gitt før hele fradragsretten er brukt opp, dels når gaven blir gitt uten kunnskap om bortfallet av saldoen og bortfallet blir en senere negativ overraskelse.

       Det er etter flertallets syn ikke riktig å vente med gjennomføringen av forslaget til høstens evaluering av skattereformen. Det vises til at ordningen med differansesaldo innebærer at saldoene skal gjøres opp før år 2002. Den foreslåtte innstramningen vil etter flertallets oppfatning ikke påvirke grunnlaget for evalueringen.

       Flertallet slutter seg til Regjeringens forslag.

       Komiteens medlemmer fra Høyre, Venstre og representanten Bråthen viser til at Stortinget tidligere har gitt sin tilslutning til at gevinstoppgjør av differansesaldo i andel i deltakerlignede selskaper skal falle bort når andel skifter eier ved arv eller gave. Forslaget vil være en tilstramming i forhold til dagens regler. Disse medlemmer viser til at denne regel har vært grunnlag for eventuelle gaveoverførelser i løpet av 1994. Disse medlemmer oppfatter at en regelendring som skal gjøres gjeldende for inntektsåret 1994 derfor vil ha klare elementer av å gis tilbakevirkende kraft for gaveoverførelser som allerede har skjedd. Disse medlemmer vil videre vise til at enkelte sider av skattereformen skal evalueres til høsten, og mener at det vil være naturlig at slike regelendringer tas i samband med denne evalueringen og gjøres gjeldende først fra inntektsåret 1995. Disse medlemmer vil derfor be Regjeringen komme tilbake til dette spørsmålet under høstens evaluering av skattereformen.

4. Verdsetting av varelager for biletkunstnarar

4.1 Bakgrunnen for forslaget

       Før skattereforma gjaldt reglane om begrensa rekneskapsplikt for dei fleste biletkunstnarar. Inntekter og kostnader blei førde etter kontantprinsippet, men likevel slik at varelageret skulle aktiverast og eventuelt nedskrivast for ukurans og prisfallsrisiko. I praksis blei kostnader ved tilverknaden trekt ifrå fortløpande, slik at verdien av varelageret vert sett til 0.

       I samband med skattereforma blei ordninga med avgrensa rekneskapsplikt oppheva, slik at inntekter og kostnader nå skal periodiserast i samsvar med rekneskapsprinsippet. Etter dei nye reglane kan ein næringsdrivande ikkje skrive ned verdien av varelageret på grunn av ukurans eller prisfallsrisiko. Kostnader ved tilverknaden kan fortsatt trekkjast frå, men ikkje før varen er realisert (realisasjonsprinsippet). Som kostnader til tilverknad reknast kostnader til råstoff, halvfabrikata, hjelpestoff og andre produksjonskostnader. Verdien av kunstnaren sitt eige arbeid, kostnader til etterutdanning og leige av atelier og lagerrom reknast ikkje med som kostnader til tilverknaden. Dei sistnemnde kostnader kan trekkjast ifrå løpande. I samband med skattereforma vurderte ein behovet for særlege reglar for varelager for verksemder med seint vareomløp. Ein fann ikkje å kunne tilrå unntak frå realisasjonsprinsippet for slike foretak i det ein viste til dei vanskelege avgrensingsspørsmåla og kontrollproblema slike særreglar ville føre med seg. Ei uthuling av realisasjonsprinsippet ville svekke grunnlaget for dei lågare skattesatsane som blei vedteke i samband med skattereforma. Særreglar er likevel grunna heilt særlege tilhøve seinare gjeve for bokhandlarar, forlag, buskap og verpehøns.

       Biletkunstnarane m.fl. har hevda at det for deira verksemd ikkje er tidsmessig nærleik mellom kostnader og inntekter. Dei må opparbeide eit forråd av ferdige kunstverk for å halde utstillingar med sikte på sal av kunstverka. Eit slikt forråd er grunnlaget for etterspørsel etter nye verk frå kunstnaren og for tildeling av stipend og andre stønader som går inn i næringsinntekta.

4.2 Departementet sine vurderingar

       Utgangspunktet for at kunstnarar skal ha rett til frådrag, er føresetnaden om at verksemda vil gi overskot som det skal svarast skatt av. Departementet ser det slik at den økonomiske verksemda som ein næringsdrivande kunstnar driv, i utgangspunktet må ha dei same skattemessige konsekvensane som for andre næringsdrivande. Dei kan ikkje fritakast frå vanlege reglar om rekneskapsplikt og skatteplikt, og samtidig ha rett til frådrag for ulike utgifter. Løpande transaksjonar må registrerast og det må gjerast eit årsoppgjer. Dette gjeld uavhengig av om periodiseringa skjer etter realisasjonsprinsippet eller etter kontantprinsippet. Det er vidare grunn til å peike på at satsreduksjonane m.v. som ein vedtok i samband med skattereforma og kjem biletkunstnarane til gode. Ein viser og til at minstefrådraget for grupper med ei viss lønnsinntekt blei vesentleg heva.

       Når biletkunstnarar opparbeider eit forråd av kunstverk som grunnlag for seinare sal, vil dette ved mange høve ha ein salsverde som er minst like høg som dei kostnadene til tilverknaden som skal aktiverast. Som for fleire andre næringar, t.d. nyskapande næringar, vil noko av lageret kunne vere vanskeleg å selje. Slik sett har det ein lågare salsverde enn den verdien som er aktivert. Dette kan ikkje aleine gje grunn til særlege nedskrivingsreglar for denne gruppa næringsdrivande. Det spesielle for biletkunstnarar som produserer kunstverk, er at varelageret kan ha eit ekstraordinært seint omløp, og at lageret difor veks over tid. Det er såleis ofte manglande tidsmessig samanheng mellom tilverknad og sal, og dermed mellom kostnader og eventuelle inntekter. Og innan andre næringar kan det vere eit svært seint omløp, og også vanskeleg etter fleire år å selje tidlegare verk. For desse gjeld dei ordinære reglar for varelager, med dei unntak som er nemnt foran. Departementet finn likevel at det for biletkunstnarar gjeld særlege tilhøve. Ein finn difor å kunne gjere framlegg om at det vert gjeve heimel i skattelova til å fastsetje særlege reglar for den skattemessige handsaminga av varelager for biletkunstnarar.

       Departementet har motteke eit materiale frå organisasjonen Norske Billedkunstnere med døme på verknader av dei nye reglane for skattemessig handsaming av varelager. Materialet gjev ikkje grunnlag for ei generell vurdering av skatteverknadene for biletkunstnarane som gruppe. For å få eit bilete av dei samla verknadene av skattereforma, må ein m.a. ta omsyn til andre endringar i skattereforma, til dømes at reglane for pensjonsgjevande inntekt i næring er endra, at trygdeavgifta er lågare for personleg næringsdrivande, at minstefrådraget er auka for dei kunstnarane som har lønnsinntekt, at den progressive statsskatten på nettoinntekt er fjerna, og at skattesatsar og grensebeløp er endra. Dei samla skatteverknadene av reforma vil variere m.a. etter inntektsnivå, etter kva frådrag ein har og etter i kva grad ein byggjer opp varelager. Med sterk auke i varelageret som varer ved, kan dei generelle endringane i skattereglane for handsaming av varelager under visse føresetnader føre til skatteauke samanlikna med det tidlegare skattesystemet. Men ein må og ta omsyn til at varelager er ein del av kapitalavkastingsgrunnlaget som gjev grunnlag for lågare personinntekt og dermed gjerne lågare trygdeavgift og eventuelt toppskatt.

       Med ein regel om nedskriving av varelager seinast etter tre år vil verknaden av varelageret på grunnlaget for formuesskatten reduserast, og begrensast til verdien av aktivert direkte tilverknadskostnader knytta til siste tre års produksjon. Vidare vil frådragsretten ved inntektsbeskatninga oppstå seinast etter tre år, eller som nå ved realisasjon. Forslaget vil medføre at skattereforma samlet vil gje skattelette i dei eksempla med reell skattepliktig verksemd Norske Billedkunstnere har lagt fram. Det vil også sikre rett til frådrag, også på utgifter knytt til verk som aldri vert selt, men kulturpolitiske o.a. omsyn kan gjere det ynskjeleg at kunstverka blir teke vare på.

Komiteen sine merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Arbeiderpartiet, viser til at skattereformens virkninger for kunstnere ikke ble eksplisitt vurdert i forbindelse med gjennomføring av skattereformen. Flertallet mener gjennomføringen spesielt av realisasjonsprinsippet vil kunne få uheldige virkninger for bildende kunstnere. Flertallet viser til at for mange billedkunstnere er omsetningstiden for deres kunstverk svært lang. Det faktum at man kun får fradrag for utgiftene når et verk er solgt eller kassert vil kunne medføre store likviditetsproblemer for billedkunstnere. Disse problemene vil være spesielt store for uetablerte kunstnere i sin oppbyggingsfase. Flertallet mener derfor det er tungtveiende grunner for billedkunstnere til å avvike fra skattereformens hovedprinsipp om å legge tidspunkt for realisasjon til grunn. Flertallet vil derfor foreslå at billedkunstnere får anvende kontantprinsippet. Flertallet viser til brev fra finansministeren av 8. juni 1994 hvor det hevdes at direkte utgiftsførsel sammenlignet med departementets forslag vil gi økt personinntekt i enkelte tilfeller. Etter flertallets mening viser dette at det ikke kan sies at en omlegging til kontantprinsippet for bildende kunstnere innebærer noen skattekreditter eller svekkelse av skattegrunnlaget av betydelig art. Overgangen til kontantprinsippet er etter flertallets mening først og fremst et tiltak for å sikre at skattereglene ikke skaper likviditetsproblemer som hindrer videre kunstnerisk virksomhet. Flertallet vil foreslå å endre lov om regnskapsplikt og ber om at det fastsettes en forskrift om beregning av skattepliktig overskudd for produksjon av kunstverk etter den definisjon som er inntatt i komiteens lovforslag. Komiteens forslag innebærer en avgrensning av kunstverk til de kunstverk som er fritatt for merverdiavgift. Flertallet tar opp følgende forslag:

       « I lov om regnskapsplikt m.v. (regnskapsloven) av 13. mai 1977 nr. 35 skal § 2 første ledd første punktum lyde:

       Den som utelukkende driver jordbruk, gartneri, skogbruk eller produksjon av kunstverk som angitt i lov av 19. juni 1966 nr. 66 om merverdiavgift § 5 nr. 1 bokstav a), er ikke regnskapspliktig etter denne lov. »

       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til at skattereformens virkninger for kunstnere ikke ble eksplisitt vurdert i forbindelse med gjennomføringen av skattereformen. Disse medlemmer viser til at man under utarbeidelse av skattereformen vurderte behovet for særlige regler for varelager for virksomheter med sent vareomløp. Dette ble ikke anbefalt av hensyn til avgrensnings- og kontrollproblemer.

       Skattereformen innebærer at kostnader ved tilvirkning skal trekkes fra ved realisasjon. Disse medlemmer ser at dette kan virke urimelig i forhold til at kunstneres varelager ofte har spesielt sent omløp. Spesielt er dette tilfellet for billedkunstnere som har store varelagre. Dette er også synliggjort gjennom at det er etablert egne regler for fritak for merverdiavgift for billedkunst. Disse medlemmer vil på denne bakgrunn støtte Regjeringens forslag om at varelageret for billedkunstnere skrives ned til 0 etter 3 år. Disse medlemmer understreker at dette må anses som et unntak fra regelen om at næringsdrivende kunstnere skattemessig må behandles på lik linje med andre næringsdrivende.

       Disse medlemmer viser til at overgangen til realisasjonsprinsippet i visse tilfeller isolert sett innebar en skatteskjerping for billedkunstnere. Skattereformen innebar imidlertid en rekke skattelempninger som også billedkunstnere nyter godt av. Dette gjelder for eksempel endringer i regler for pensjonsgivende inntekt i næring, lavere trygdeavgift for personlig næringsdrivende, økt minstefradrag for kunstnere med lønnsinntekt, fjerning av progressiv statsskatt på nettoinntekt samt endringer i beløpsgrenser og skattesatser.

       Det vises til brev av 26. mai 1994 fra finansministeren hvor det går fram av regneeksemplene at billedkunstnere etter Regjeringens forslag vil få en klar skattelettelse i forhold til det skattesystem som gjaldt fram til 1992. Regneeksemplene er basert på tall fra organisasjonen Norske Billedkunstnere og tar utgangspunkt i en sterk økning i varelager over en 6 års periode. Det understrekes at det er uklart i hvilken grad eksemplene er representative for norske billedkunstnere og det er heller ikke tatt med opplysninger om renter, gjeld, formue m.v.

       En ytterligere lempning av regelverket i retning av gunstigere periodiseringsregler må baseres på at det med slike regler blir bedre samsvar mellom periodiseringsreglene og den faktiske verdiutviklingen på varelageret. Disse medlemmer viser til Ot.prp. nr. 35 (1991-1992) hvor det heter:

       « Departementet har vurdert om det er mulig å komme frem til et regelverk som ikke lider av de svakheter som dagens regler er beheftet med, og som sikrer en periodisering av varelageret i overensstemmelse med varelagerets faktiske verdiutvikling. Målsettingen med et slikt regelverk måtte være å hindre at det dannes skjulte varelagerreserver av noen betydning og at systemet ikke stimulerer til større varelagre enn hva som er bedriftsøkonomisk fornuftig. I tillegg måtte reglene være enkle å anvende både for ligningsmyndighetene og skattyterne.
       De ovennevnte hensynene er til dels motstridende. Spesielt vil det ikke være mulig å utforme regler som er enkle å praktisere og som samtidig medfører en fullt ut realistisk verdivurdering av varelageret for den enkelte skattyter. Det er neppe til å unngå at nedskrivningsregler som skal ta hensyn til varelagerets faktiske verdiutvikling, må bli sterkt skjønnspregede. Erfaringene med dagens nedskrivningsregler tilsier at dette ikke er veien å gå. »

       Det vil altså ikke være mulig å utforme regler som er enkle å praktisere, og som samtidig medfører en fullt ut realistisk verdivurdering av varelageret for den enkelte.

       Disse medlemmer har vurdert at alternativet til Regjeringens forslag må være å imøtekomme forslaget fra organisasjonen Norske Billedkunstnere om å benytte kontantprinsippet. Dette innebærer direkte utgiftsføring av kostnader og dermed etablering av et prinsipp om at varelageret ikke har noen verdi før realisasjon. Disse medlemmer viser til brev av 8. juni 1994 fra finansministeren hvor det går fram at direkte utgiftsføring i visse tilfeller kan gi økt skatt i forhold til Regjeringens forslag. Disse beregningene er foretatt på bakgrunn av eksempler presentert av Norske Billedkunstnere. Årsaken er blant annet at varelageret inngår i kapitalavkastningsgrunnlaget. Dette blir lavere ved direkte utgiftsføring slik at personinntekten øker. Det er derfor etter disse medlemmers syn ikke sannsynliggjort at fordelingsmessige hensyn bør tillegges vekt ved valg av modell. Snarere blir valg av modell et valg mellom hvilke krav til regnskapsmetode en ønsker å stille for fradrag for utgifter i næring. Særskilte skatteregler kan medføre avgrensningsproblemer og press fra andre næringer med tilsvarende kjennetegn.

       Disse medlemmer viser til at et viktig element i skattereformen var å tilstramme muligheten for å skyve inntekter ut i tid og regne skattefradragene for tilhørende utgifter tidlig. Innstrammingen av disse mulighetene skapte bedre samsvar mellom faktiske inntekter og skattegrunnlag og muliggjorde lavere marginale skattesatser ved at skattegrunnlaget ble utvidet. Overgang til kontantprinsippet vil innebære at det gis systematiske skattekreditter til kunstnerne. En slik ordning vil etter disse medlemmers syn bidra til en uthuling av prinsippet om et helhetlig skattesystem.

4.3 Departementet sitt forslag

       Departementet gjer framlegg om at det vert gjeve fullmakt i skattelova § 50 andre leden bokstav a) for departementet til å gje særleg forskrift om verdien av varelager for biletkunstnarar som lager kunstverk utan eit fysisk bruksføremål.

       Frådrag for alle produksjonskostnader i produksjonsåret er ikkje tillate for nokon næringsdrivande og bør heller ikkje gjelde for biletkunstnarar. Departementet meiner det er praktisk og nærliggjande å ha tilsvarande reglar for biletkunstnarar som for forlagsbransjen. Ein tek såleis sikte på å gje reglar om at varelager som kunstnaren sjølv har tilverka som er eldre enn tre år, kan skrivast ned til 0. Forskrifta må og ha overgangsreglar for ein slik 3-årsregel, når det gjeld tidlegare varelager.

       Retten til nedskriving vil som i dag berre gjelde biletkunstnarar som driv næringsverksemd skatterettsleg sett, i motsetnad til verksemd som ikkje er egna til å gje skattepliktig overskot. Reglane foreslås vidare berre å gjelde biletkunstnarar som produserer bilete og skulpturar m.v. utan fysisk bruksføremål. Ein viser til den avgrensinga som går fram av lov om merverdiavgift av 19. juni 1966 nr. 66 § 5 nr. 1 bokstav a) og tolltariffens posisjonar 97.01 - 97.03, som og skal gjelde her. Reglane vil til dømes ikkje gjelde masseproduserte reproduksjonar eller handverksarbeid.

       Overgangsreglar er naudsynte fordi mange kunstnarar ikkje har ført varelager i sjølvmeldinga for tidlegare inntektsår. For at treårsregelen skal ha verknad, må kunstnarane først opparbeide eit varelager over tre år. Ein gjer framlegg om at føringa av varelager berre skal krevjast frå og med 1994. Ein vil altså ikkje kreve endring for inntektsåra 1992 og 1993. Biletkunstnarar, m.a. biletkunstnarane som ikkje har levert inn sjølvmelding for inntektsåret 1993, kan såleis kreve å bli likna for 1993 i samsvar med praksis på området frå før skattereforma. Samstundes vil treårsregelen byrja å gjelde for det førte varelager. Nedskriving av den usolgte produksjonen frå 1994 vil, i samsvar med treårsregelen, kunne skje i 1997. Ein slik overgangsregel inneber at dei kunstnarane som ikkje brukte retten til skattefri oppskriving av varelageret for inntektsåret 1992 etter overgangsreglane til skattereforma, heller ikkje kan gjera denne retten gjeldande no. Overgangsreglane foreslås å bli gjevne i forskrift. Utforminga vil sjølvsagt her og bli tilpassa ut ifrå resultatet av Stortinget si handsaming.

Komiteen sine merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Arbeiderpartiet, viser til sitt forslag om å innføre kontantprinsippet som hovedregel for regnskapsføring for bildende kunstnere. Dette vil medføre endringer i vurdering av varelager. Flertallet vil be departementet gjennomgå varelagerregler i tråd med innføringen av kontantprinsippet. Flertallet forutsetter at departementet kommer tilbake til Stortinget med regelendringene og at man for ligningsåret 1992 og 1993 praktiserer varelagerreglene fra før 1992.

       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til sin merknad under pkt. 4.2.

5. Oppretting av lovtekst

5.1 Oppretting av lovtekst i lov av 13. juni 1980 nr. 24 om likningsforvaltning (likningslova)

5.1.1 Likningslova § 6-6 bokstav c

       I likningslova § 6-6 bokstav c vert nemninga « skattemyndighetene » nytta, medan det i likningslova elles vert nytta « ligningsmyndighetene ». Den ulike språkbruken tek ikkje sikte på nokon realitetsskilnad. For å få ein einsarta bruk av nemningane, gjer departementet framlegg om at « skattemyndighetene » i likningslova § 6-6 bokstav c vert endra til « ligningsmyndighetene ». Av same grunn gjer departementet og framlegg om at « innberette opplysninger til » vert endra til « gi oppgave til ».

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til departementets forslag.

5.1.2 Likningslova § 6-16 bokstav c

       I samband med innføringa av forenkla sjølvmelding er likningslova § 6-16 c endra fleire gonger. I samband med dei fem siste endringane (lover frå 10. april 1992 nr. 32, 18. juni 1993 nr. 114, 17. desember 1993 nr. 121, 20. desember 1993 nr. 136 og 20. desember 1993 nr. 140) er det oppstått einskilde feil ved at endra lovtekst ikkje er komen med ved seinare endringar. Departementet gjer difor framlegg om at teksten vert retta opp i samsvar med dei nemnde endringane. Opprettinga inneber ingen realitetsskilnad i høve til tidlegare vedtekne endringar.

       Departementet gjer og framlegg om å endre likningslova § 6-16 bokstav c slik at den ikkje lenger viser til likningslova § 6-13 nr. 2 bokstav d. Dette framlegget byggjer på framlegget om å oppheve likningslova § 6-13 nr. 2 bokstav d i Ot.prp. nr. 52 (1993-1994) om samanslutning av Postbanken og Postgiro. Endringa avheng av at Stortinget gjer vedtak i samsvar med framlegget i Ot.prp. nr. 52 (1993-1994) .

       Samstundes gjer ein framlegg om å redigere § 6-16 bokstav c slik at opprekninga av ulike paragrafar i likningslova og skattelova kjem i ei meir naturleg rekkjefølgje.

Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til brev fra finansministeren av 31. mai 1994 der det heter:

       « I Ot.prp. nr. 65 (1993-1994) legger Finansdepartementet i pkt. 5.1.2 frem forslag om å endre ligningsloven § 6-16 bokstav c slik at den ikke lenger viser til ligningsloven § 6-13 nr. 2 bokstav d. Det fremgår at forslaget bygger på Ot.prp. nr. 52 (1993-1994) om sammenslutning av Postbanken og Postgiro der det blir foreslått å oppheve ligningloven § 6-13 nr. 2 bokstav d. Etter det vi forstår, ønsker Finanskomiteen å utsette behandlingen av Ot.prp. nr. 52. Det vil derfor ikke være riktig å oppheve henvisningen i ligningsloven § 6-16 bokstav c til § 6-13 nr. 2 bokstav d på det nåværende tidspunkt.
       Når henvisningen til § 6-13 nr. 2 bokstav d tas inn igjen i lovteksten, vil ligningsloven § 6-16 bokstav c etter forslaget da lyde:
       « i forskrift bestemme at de i denne paragraf spesifiserte oppgavene; lønnsoppgaver m.v. etter § 6-2, saldo- og renteoppgaver ved årsskifte eller ved oppgjør av konti i løpet av det siste inntektsår etter § 6-4 og § 6-13 nr. 2 d, kontrolloppgaver fra Verdipapirsentralen etter § 6-5, livsforsikringspremie, spare- og fondsinnskudd, tilskudd til forskningsinstitutter m.v. og betaling for pass og stell av barn m.v. etter § 6-6, utbetalinger m.v. fra forsikringsselskap etter § 6-7, aksjonæroppgaver etter § 6-11, fordelingsoppgaver over inntekter, utgifter og formue i boligselskap etter skatteloven § 51 sjette ledd og i boligsameier etter forskrift gitt i medhold av skatteloven § 42 b nr. 9, skal overleveres i maskinlesbar form. » »

       Komiteen slutter seg til departementets forslag i brev av 31. mai 1994.

5.1.3 Likningslova § 10-7

       I Ot.prp. nr. 17 (1993-1994) la departementet fram fleire forslag til endringar i skatte- og avgiftsreglane som gjeld utanlandske oppdragstakarar i bygg og anlegg. Eit av forslaga var at oppdragsgjevaren sitt ansvar for oppdragstakaren sin eigen skatt etter likningslova § 10-7 ved brot på opplysingsplikta, skulle utvidast til og å gjelde manglande betaling av arbeidsgjevaravgift frå oppdragstakaren og skattetrekket hans for eigne tilsette.

       I proposisjonen blei det vurdert om kravet til årsakssamanheng mellom ufullstendig rapportering og manglande innbetaling av skatt skulle takast ut av likningslova § 10-7. Departementet uttalte på side 18 første spalta:

       « På bakgrunn av forslaget om å innføre et bedret sanksjonsapparat, gebyr mot unnlatt rapportering, og de kritiske bemerkninger fra flere høringsinstanser, finner departementet ikke grunn til å foreslå en endring som medfører at kravet til årsakssammenheng mellom mangelfull rapportering og manglende innbetaling av skatter oppheves. »

       Fleirtalet i komiteen slutta seg til forslaget, jf. Innst.O.nr.15 (1993-1994) side 19 første spalta.

       I finanskomiteen si tilråding i innstillinga og i lovvedtaket er kravet til årsakssamanheng mellom manglande rapportering og manglande betaling av skatt likevel ikkje kome med. Departementet foreslår difor at feilen blir retta ved endring av likningslova § 10-7 nr. 1 i første punktum. Det er og innarbeidd ei redaksjonell forenkling i lovutkastet.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til departementets forslag.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Bråthen viser til at de ved behandlingen av Innst.O.nr.15 (1993-1994) gikk imot denne paragrafen. De totale endringene i denne saken har preg av å utsette oppdragsgiverne for dobbelt straff. Disse medlemmer oppfatter lovendringen som en forbedring og å gi oppdragsgivere en bedre rettsstilling. Disse medlemmer vil støtte endringen, men er fortsatt skeptisk til hele paragrafen.

5.2 Oppretting av lovtekst i lov av 20. juli 1991 nr. 65 om særregler for beskatning av selskapsdeltakarar (selskapsskattelova)

       Ved lov av 20. desember 1993 nr. 139 blei § 2-2 nr. 1 fjerde punktum i lov av 20. juli 1991 nr. 65 om særregler for beskatning av selskap og selskapsdeltakarar (selskapsskattelova) endra, jf. Ot.prp. nr. 22 (1993-1994) og Innst.O.nr.16 (1993-1994). Endringa er ei lemping av kravet om at midla i eit aksjefond til ein kvar tid må være plasserte i aksjar, tekningsrettar og konvertible obligasjonar for at formuesverdien av aksjefondsandelar skal kunne settast til 75 % av andelsverdien pr. 1. januar i likningsåret. Etter endringa må midla i fondet vere plasserte innan 20 børsdagar etter at midla er skote inn i eller erverva av fondet.

       Ved lov av 20. desember 1993 nr. 140 blei lov av 12. juni 1981 nr. 52 om aksjefond m.v. og einskilde andre lover endra, jf. Ot.prp. nr. 15 (1993-1994) og Innst.O.nr.14 (1993-1994). Uttrykket aksjefond blei endra til verdipapirfond. Difor blei det her og føreteke ei endring av selskapsskattelova § 2-2 nr. 1 fjerde punktum som tidlegare nytta omgrepet aksjefond. Ved ein inkurie blei endringa av selskapsskattelova § 2-2 nr. 1 fjerde punktum i lov nr. 139 utelate ved endringa av same paragraf i lov nr. 140.

       I Innst.O.nr.14 pkt. 7.5 sluttar finanskomiteen seg til følgjande formulering i brev av 9. desember 1993 fra Finansministeren:

       « Jeg ber derfor om at det tas hensyn til endringsforslaget i Ot.prp. nr. 22 ved behandlingen av Ot.prp. nr. 15. Dersom forslaget i Ot.prp. nr. 22 blir vedtatt skal endringen tre i kraft med virkning fra og med inntektsåret 1993. Endringen i Ot.prp. nr. 15 skal tre i kraft fra den tid Kongen bestemmer. Dette medfører at endringen som er foreslått i selskapsskatteloven § 2-2 nr. 1 i Ot.prp. nr. 22 vil tre i kraft først. For at denne endringen ikke skal oppheve endring av samme bestemmelse som følger av endringen i Ot.prp. nr. 15 kan § 2-2 nr. 1 fjerde punktum gis følgende ordlyd ved endring som følger av de øvrige endringer i Ot.prp. nr. 15:
       « Verdien av andeler i verdipapirfond ansettes til 75 % av andelsverdien pr. 1. januar i ligningsåret forutsatt at minst 90 % av fondets midler er plassert i aksjer, tegningsretter og konvertible obligasjoner innen 20 børsdager etter at midlene er innskutt i eller ervervet av fondet. » »

       I finanskomiteen si tilråding i innstillinga og i lovteksten blei ikkje dette følgt opp. Departementet foreslår difor ei endring som fører rettstilstanden tilbake til det som opprinneleg blei vedteke i lov nr. 139.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til departementets forslag.

6. Komiteens tilråding

       Komiteen viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slike

vedtak til lover:

A.

vedtak til lov
om endringar i lov av 18. august 1911 nr. 8 om skatt av formue og inntekt (skattelova).

I lov av 18. august 1911 nr. 8 om skatt av formue og inntekt (skattelova) vert det gjort desse endringane:

I.

§ 42 b nr. 9 skal lyde:

       Departementet kan fastsette utfyllende forskrifter til bestemmelsene i denne paragraf, herunder om prosentligning av eierseksjoner og levering av ligningsoppgaver fra boligsameier, om ligningsmåten ved utleie av hytter og fritidshus, om fradrag for vedlikeholdsutgifter m.v. ved endring av ligningsmåte og om ligningsmåten for bolighus som er fredet etter lov om kulturminner.

II.

§ 50 annet ledd a) annet avsnitt annet punktum skal lyde:

       Departementet kan i forskrift gi bestemmelser som fraviker foregående punktum for bokhandler- og forlagsbransjen samt for kunstnere som tilvirker kunstverk uten fysisk bruksformål.

III.

       Endringa under I trer i kraft straks.

       Endringa under II trer i kraft straks med verknad frå og med inntektsåret 1994. I forskrifta kan det og fastsetjast overgangsreglar for tidlegare inntektsår.

B.

vedtak til lov
om endringar i lov av 13. juni 1980 nr. 24 om likningsforvaltning (likningslova).

I lov av 13. juni 1980 nr. 24 om likningsforvaltning (likningslova) vert det gjort desse endringane:

I.

§ 6-6, overskriften, skal lyde:

       Om livsforsikringspremie, spare- og fondsinnskudd, tilskudd til forskningsinstitutter m.v. og betaling for pass og stell av barn m.v.

§ 6-6 bokstav c skal lyde:

c. forvaltningsselskaper gi oppgave til ligningsmyndighetene om innskudd som er gjort i verdipapirfond,

§ 6-6 ny bokstav d skal lyde:

institutter som forestår vitenskapelig forskning eller yrkesopplæring gi oppgave til ligningsmyndighetene over tilskudd som gir giveren rett til fradrag etter skatteloven § 44 femte ledd,

§ 6-6 ny bokstav e skal lyde:

institusjoner som mottar betaling for pass og stell av barn gi oppgave til ligningsmyndighetene over betaling mottatt fra foreldre og andre foresatte.

§ 6-16 bokstav c skal lyde:

i forskrift bestemme at de i denne paragraf spesifiserte oppgavene; lønnsoppgaver m.v. etter § 6-2, saldo- og renteoppgaver ved årsskifte eller ved oppgjør av konti i løpet av det siste inntektsår etter § 6-4 og § 6-13 nr. 2 d, kontrolloppgaver fra Verdipapirsentralen etter § 6-5, livsforsikringspremie, spare- og fondsinnskudd, tilskudd til forskningsinstitutter m.v. og betaling for pass og stell av barn m.v. etter § 6-6, utbetalinger m.v. fra forsikringsselskap etter § 6-7, aksjonæroppgaver etter § 6-11, fordelingsoppgaver over inntekter, utgifter og formue i boligselskap etter skatteloven § 51 sjette ledd og i boligsameier etter forskrift gitt i medhold av skatteloven § 42 b nr. 9, skal overleveres i maskinlesbar form.

§ 10-7 nr. 1 første punktum skal lyde:

       Fylkesskattekontoret - for Oslo ligningskontoret - kan pålegge oppdragsgiver som ikke har oppfylt sin opplysningsplikt etter § 6-10 nr. 1-3 ansvar for forfalt men ikke innbetalt skatt, arbeidsgiveravgift eller forskuddstrekk fra en oppdragstaker, når den manglende betaling må antas å skyldes at opplysningene ikke ble gitt i rett tid.

II.

       Endringane under I trer i kraft straks.

C.

vedtak til lov
om endring i lov av 20. juli 1991 nr. 65 om særregler for beskatning av selskaper og selskapsdeltakere (selskapsskattelova).

I lov av 20. juli 1991 nr. 65 om særregler for beskatning av selskaper og selskapsdeltakere (selskapsskattelova) vert det gjort denne endringa:

I.

Selskapsskatteloven § 2-2 nr. 1 fjerde punktum skal lyde:

       Verdien av andeler i verdipapirfond ansettes til 75 % av andelsverdien pr. 1. januar i ligningsåret, forutsatt at minst 90 % av fondets midler er plassert i aksjer, tegningsretter og konvertible obligasjoner innen 20 børsdager etter at midlene er innskutt i eller ervervet av fondet.

II.

       Endringa under I trer i kraft straks med verknad frå og med inntektsåret 1994.

D.

vedtak til lov
om endring i lov av 13. mai 1977 nr. 35 om regnskapsplikt m.v. (regnskapsloven).

I lov av 13. mai 1977 nr. 35 om regnskapsplikt m.v. (regnskapsloven) gjøres følgende endring:

I.

       I lov av 13. mai 1977 nr. 35 om regnskapsplikt m.v. (regnskapsloven) gjøres følgende endring:

§ 2 første ledd første punktum skal lyde:

       Den som utelukkende driver jordbruk, gartneri, skogbruk eller produksjon av kunstverk som angitt i lov av 19. juni 1966 nr. 66 om merverdiavgift § 5 nr. 1 bokstav a), er ikke regnskapspliktig etter denne lov.

II.

       Endringen under I trer i kraft straks.

Oslo, i finanskomiteen, den 9. juni 1994.

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen,

Erna Solberg, Per-Kristian Foss,

leder.

ordfører. sekretær.